Christian Morgenstierne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Christian Morgenstierne

Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. april 1880
Christiania
Død

13. desember 1967 (87 år)
Lillesand

Yrke arkitekt
Ektefelle Astri Torsell
Christian Morgenstierne på Commons

Christian Frederik Jacob von Munthe av Morgenstierne (9. april 188013. desember 1967) var ein norsk arkitekt frå Oslo som i kompaniskap med Arne Eide forma ei rekke markerte bygningar i heimbyen.

Morgenstierne var murar, utdanna 1895-98 ved Statens kunst- og håndverksskole. Så barst det 1898-1900 til den tekniske høgskulen i Charlottenburg i Berlin. I 1904 tok han arkitekt-eksamen i Chicago og arbeidde i USA dei neste fem åra. År 1909 vende han heim og var med å grunnleggje firmaet Morgenstierne & Eide i Oslo. Firmaet stod bak utforminga av ei rekke bygningar til ulike formål, både arbeidarbustader, hageby, villabygg og skular. Torggata Bad, Aker Sparebank og Folketeaterbygningen er døme på Morgenstierne sine stildrag.

Morgenstierne hadde fleire offentlege verv i byutvikling og han var formann i Oslo Arkitektforening frå 1919. Han vart tildelt St. Olavs Orden i 1948.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]