Christoph Probst

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Christoph Probst (6. november 191922. februar 1943) var ein medisinstudent og medlem av den tyske motstandssrørsla til nazismen, Den kvite rosa.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Probst var fødd Murnau am Staffelsee i Bayern. Faren Hermann Probst var ein privat forskar, mellom anna av sanskrit, og hadde kontakt med utøvarar av såkalla «Entartete Kunst», moderne kunst som dei nazistiske styresmaktene mislikte. Medan mor til Christoph, Katharina von der Bank, var av «tysk rase», var andre kona til faren, Elise Jaffée fødd Rosenthal, jødisk. Christoph Probst lærde å sette pris på kulturell og religiøs fridom, og skal ifølgje systera Angelicka tidleg ha vore kritisk til dei menneskeforaktande ideane til nazistane. Hermann Probst tok livet av seg i 1936.

Etter at Probst hadde gjort krigsteneste byrja han å studere medisin. 21 år gammal gifta han seg med Herta Dohrn, som han fekk tre born med. Han kom etterkvart med i motstandsrørsla Den kvite rosa.

Sophie og Hans Scholl blei arresterte blei Den kvite rosa rulla opp og Probst blei etter stutt tid også arrestert i München. Trass i at Scholl-søskena hadde prøvd å ta på seg heile skylda og han hadde bede om å sleppe dødsstraff både under avhøyr og i rettsaka på grunn av si sjuke kone og tre småbarn, blei han dømd til døden i lag med Sophia og Hans Scholl 22. februar 1943 og giljotinert nokre timar etter rettsaka.