Sophie Scholl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.


Sophia Magdalena «Sophie» Scholl (9. mai 192122. februar 1943) var ein tysk student frå Forchtenberg som var medlem av Den kvite rosa, ei kristen opposisjonell gruppe som engasjerte seg mot det nasjonalsosialistiske regimet ved å dele ut regimekritiske pamflettar. Ho blei dømd til døden for landsforræderisk fiendestøtte, førebuing til høgforræderi og undergraving av stridsevna, og avretta med giljotin 22 år gammal.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Sophie Scholl var dotter av Magdalena (1881-1958) og Robert Scholl (1891-1973). Mora var diakonissesøster og faren jurist og liberalar som var borgarmeister i Forchtenberg og seinare blei overborgarmeister i Ulm. Sophie hadde fire søsken, og heimen var kristeleg-humanistisk prega. Familien Scholl var protestantisk

Sophie Scholl trudde på det nasjonalsosialistiske samfunnsideal i barneåra. Ho blei medlem av Bund Deutscher Mädel då ho var tolv, og blei eit leiande medlem av ungjenteorganisasjonen i BDM. Entusiasmen gjekk gradvis over til kritikk, ettersom ho blei klar over dei regimekritiske oppfatningane til far hennar, så vel som nokre vener og nokre lærarar. Den politiske haldninga blei etterkvart eit viktig kriterium for hennar val av vener.

I 1940 byrja ho å studere til barnepleiar, og håpa dermed å unngå riksarbeidstenesta. Ho blei likevel tvangsutskriven til riksarbeidsteneste, tenesta vart også forlengd til å gjelde krigshjelpteneste. Hennar opplevingar forsterka motviljen mot det nasjonalsosialistiske regimet. I mai 1942 byrja ho å studere biologi og filosofi ved Ludwig-Maximilians-universitetet i München. I sommarferien same året måtte ho gjere arbeidsteneste ved jernverket i Ulm. Ved den tid sat faren hennar fengsla på grunn av ein kritisk kommentar mot Hitler til ein medarbeidar. Bror til Sophie hadde forsøkt å halde henne utanfor aktiviten til Den kvite rosa, men ho insisterte på å delta. I starten av sommaren deltok også Sophie i produksjonen og distribusjonen av pamflettane til Den kvite rosa.

Den 18. februar 1943 vart ho arrestert mens ho delte ut den sjette pamfletten på universitetet i München. Ho og bror hennar blei oppdaga av vaktmeisteren, og tatt inn til Gestapo i München, der Sophie Scholl blei forhøyrt av kriminaloversekretær Robert Mohr. Ho benekta først alt, men etter at broren tilstod valde ho også å tilstå. Ho og broren prøvde å ta alt ansvar for pamflettane, for å verne venene. 22. februar 1943 blei Sophie, broren Hans og Christoph Probst dømd til døden av Folkedomstolen. Leiaren for domstolen, Roland Freisler, var komen til München frå Berlin for å leie rettssaka. Nokre timar etter domen var fallen, blei ho avretta med giljotin i fengselet München-Stadelheim av skarprettar Johann Reichhart, under oppsyn av leiaren for avrettingsavdelinga ved landretten i München, førstestatsadvokat Walter Roemer. Til stades ved avrettinga var også Roemer sin assistent, ein prest, ein lege og tre skarpretterassistentar. Scholl er gravlagd på gravlunden Am Perlacher Forst like i nærleiken.

Sophie Scholl er portrettert i tre filmar. Lena Stolze spelte Sophie Scholl både i Michael Verhoevens film Die weiße Rose og Percy Adlons film Fünf letzte Tage, begge frå 1981. I februar 2005 kom filmen Sophie Scholl – Die letzten Tage ut, der Julia Jentsch spelar Scholl. Den siste filmen er basert på avskriftane frå avhøyra av henne og grundig forsking, og er historisk korrekt og detaljtru.

I 2003 blei ei byste av Sophie Scholl innvia i Walhalla-tempelet.

Hans og Sophie Scholl var lenge dei einaste ikkje-kommunistiske opposisjonelle under nazitida som blei offentleg heidra av styresmaktene i DDR

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sophie Scholl