Dødsstraff

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Giljotin, eit apparat for avretting ved halshogging

Dødsstraff er ein straffemetode der ein tek livet av ein person som straff for eitt eller fleire påståtte brotsverk.

Nesten alle samfunn har gjennom historia nytta dødsstraff. Dei vanlegaste brotsverka som har vore knytte til dødsstraff opp gjennom historia er drap, valdtekt og grov vald, men blasfemi og opposisjon til styremaktene er òg vorte straffa slik ei rekkje stader.

Drap har til alle tider vore knytt til dødsstraff. I bibelsk tid var dødsstraff ved steining vanleg ved brot på religiøse tabu. I Noreg var landssvik i krigstid knytt til dødsstraff heilt fram til nyleg.

Dødsstraff i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Noreg avskaffa dødsstraff i 1979, men det var mogleg å gjeninnføre den ved ein krigssituasjon. Noregs engasjement med å få avskaffa dødsstraff internasjonalt gjorde at ein i 1991 forplikta seg på ein FN-avtale som forbyr, under alle omstende, å nytta dødsstraff. Den siste avrettinga (militær straffelov) her i landet vart utført i 1948. Sivil dødsstraff vart avskaffa ved den nye straffelova av 1902 og i perioden mellom 1842 og 1902 vart 40 personar dømde til døden. Berre ni av desse vart avretta og Kristoffer Nilsen Svartbækken Grindalen var den siste sivile som vart avretta i Noreg (i 1876). Den vanlegaste avrettingsmetoden på 1800-talet var halshogging.

Avrettingane på 1800-talet var ofte offentlege, med eit stort publikum til stades. Ein prest var ofte med på avrettinga. Det var ikkje uvanleg at presten og den dømde bad «Fader vår» då den dømde vart halshogd.

Etter andre verdskrigen vart 25 personar, mellom dei Vidkun Quisling, avretta i det såkalla landssvikoppgjeret. Den vanlege metoden for avrettingane var då skyting.

Dødsstraff i USA[endre | endre wikiteksten]

36 av dei 50 delstatane i USA nyttar dødsstraff, i tillegg til dei føderale styremaktene. Kvar stat har eigne lover om dødsstraff. USA har alltid nytta dødsstraff, bortsett frå i ein periode mellom 1967 og 1976. 1 270 personar har vorte avretta sidan 1976 (pr. 1. september 2011). Totalt sat det i 2011 3 251 personar på dødscelle i USA. Delstatane Texas, Virginia og Oklahoma utfører flest avrettingar.

Den mest nytta avrettingsmetoden i dag er giftsprøyta, som er tillaten i 37 av 38 delstatar. I Nebraska er berre den elektriske stolen tillaten. Tidlegare var henging meir vanleg.

Dødsstraff i verda[endre | endre wikiteksten]

Dødsstraff verdskart ██ Avskaffa heilt ██ Avskaffa utanom spesielle omstende (som krig) ██ Avskaffa i praksis, ikkje nytta dei siste 10 åra ██ Lovleg, og i bruk jamleg

Dødsstraff er avskaffa i dei fleste europeiske landa, men vert enno nytta i mange utviklingsland og i USA. Dei fyrste landa som avskaffa dødsstraff i grunnlova, var Tyskland og Costa Rica, i 1949 (éin tysk delstat, Hessen, har formelt dødsstraff, men praktiserer ho ikkje).

Dei to siste avrettingane i Storbritannia fann stad (ved henging) i 1964, då det vart innført ein femårig prøvestans på dødsstraff. Prøvestansen vart gjort permanent i 1969. Fram til 1998 opna likevel lova for å døma til dødsstraff for høgforræderi i krigs- og fredstid. Etter det vart den siste fungerande galgen, som stod i Wandsworth-fengselet i London, demontert og fjerna.

I 1975 fann dei siste avrettingane i Spania stad (ved skyting), tre år før dødsstraffa vart oppheva ved lov. Det siste landet i Vest-Europa som nytta dødsstraff var Frankrike, der giljotinen vart nytta siste gong i 1977, for så å verta avskaffa fire år seinare.

Ifølgje den årlege rapporten frå Amnesty International om dødsstraff vart det i 2004 utført 3 797 avrettingar i 25 land, 90 prosent av dei i Folkerepublikken Kina

Dei 12 landa som utførte flest avrettingar i 2004 var

Land Avrettingar Avrettingar per
100 millionar innbyggjarar
1 Folkerepublikken Kina 3 400+ 260
2 Iran 159+ 230
3 Vietnam 64+ 77
4 USA 59 20
5 Saudi-Arabia 33+ 130
6 Pakistan 15+ 9,4
7 Kuwait 9+ 400
8 Bangladesh 7+ 5
9 Egypt 6+ 7,9
10 Singapore 6+ 140
11 Jemen 6+ 30
12 Kviterussland 5+ 48

Metodar for avretting[endre | endre wikiteksten]

Menneske har funne opp ei rekkje metodar for avretting gjennom tidene. Det har skjedd ei utvikling av metodane. Eldre metodar er basert på høg grad av smerte, gjerne over lang tid, mens metodane som vert brukte no i regel er raske, «kliniske» og mindre smertefulle. Steining er eit klart unnatak frå dette. Alle metodar for avretting kan føre med seg stor fysisk og psykisk smerte. Særleg elektrisk stol og giftsprøyte har fått hard kritikk i dei seinare åra.

Metodar for avretting i bruk i dag[endre | endre wikiteksten]

I dag brukast følgjande metodar til avretting i følgjande land:[1]

Tidlegare metodar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Methods of Execution by Country
  2. Dødsdømte skal kastes utenfor stup-- Verden - Aftenposten
  3. - Skal henrettes ved å kastes utfor stup - VG Nett om Iran
  4. Sjå Operasjon Condor
  5. Amnestys blogg >> John Peder Egenæs
  6. http://amnesty.no/aktuelt/flere-nyheter/arkiv-bakgrunn/opplysninger-om-d%C3%B8dsstraff OPPLYSNINGER OM DØDSSTRAFF | Amnesty International]
  7. NORSKE MYNDIGHETER MÅ PROTESTERE MOT VOLDTEKT OG STEINING AV 13-ÅRING