Cipriano de Rore

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Cipriano de Rore
Fødd ca. 1515, Flandern
Død September 1565, Parma i Italia
Sjanger Renessansemusikk
Aktive år 1542-1555
Yrke Komponist

Cipriano dei Rore eller Cypriano (fødd 1515/16 i Ronse i Flandern, død september 1565 i Parma i Italia) var ein flamsk komponist hovudsakleg kjent for madrigalane sine.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Cipriano dei Rore kan ha vore songar i Markuskyrkja i Venezia og fått opplæring av Adrian Willaert som var maestro di capella der.

Frå 6. mai 1556 var Rore kapellmeister hos hertug Ercole II. d'Este i Ferrara, men reiste tilbake til Flandern i 1558 for å ta seg av sine sjuke foreldre. Han var tilbake i Ferrara i desember same år berre for å vende attende att til Flandern i juli 1559. Der fann han heimbyen Ronse øydelagd i sjølvstendekrigen og etter eit lengre opphald i Antwerpen vart han hoffkapellmeister i Parma i 1561. Då Willaert døydde i 1563 fekk Rore stillinga som kapellmeister i Markuskyrkja, men slutta året etter fordi han fann løna for låg og koret for dårleg. Han returnerte til Parma der han døydde året etter berre 49-50 år gammal.

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Den første madrigalboka til Cipriano dei Rore kom i 1542 og vart følgd opp av to bøker med motettar i 1544 og 1545. Stilmessig og teknisk viser dei likskap med Adrian Willaert og dette er ein av indikasjonene på at den unge Rore kan ha vore elev av Willaert.

Madrigalane til Rore representerer den første blomstringstida for kunstforma og vart rettleiande i tida fram mot Claudio Monteverdi (1567–1643).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Notar[endre | endre wikiteksten]