Civitavecchia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Civitavecchia
Civitavecchia dal mare.JPG
Byvåpenet til Civitavecchia
Byvåpenet til Civitavecchia


Plassering
Civitavecchia is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Lazio
Roma
Borgarmeister Giovanni Moscherini
Geografi
Flatevidd
 - By

71 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2005)
   - folketettleik

50 891
  667/km²
Koordinatar 42°06′″N 11°48′″EKoordinatar: 42°06′″N 11°48′″E
Høgd over havet 4 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 00053
Telefon-retningsnummer 0766
Nettstad: www.comunecivitavecchia.it

Civitavecchia er ein by i provinsen Roma i regionen Lazio i Italia med om lag 50 000 innbyggjarar. Byen er ein hamneby ved kysten av Tyrrenhavet, om lag 80 km vest-nordvest for Roma, på andre sida av elva Mignone. Hamna er forma av to moloar og ein bølgjebrytar, der det står eit fyr.

Civitavecchia tyder «gamal by».

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den moderne byen vart grunnlagd oppå ein gamal etruskisk busetnad.

Hamna vart konstruert av keisar Trajan på byrjinga av 100-talet. Namnet Centum Cellae vart først gong nemnd i skriftlege kjelder av Plinius den yngre (107 evt.). Opphavet til namnet er omstridd og det kan mellom anna referere til dei centum («hundre») hallane i villaen til keisaren.

Seint i mellomalderen var Centumcellae ein viktig by for austromarane. Han vart erobra av sarasenarar i 828 og seinare ein del av Kyrkjestaten.

Staden vart ei frihamn under Pave Innocent XII i 1696. Som hovudhamna for Roma i moderne tider vart han okkupert av franskmennene i 1849. 16. april 1859 vart det opna jernbanesamband til Roma. Troppane til paven opna portane til festninga for den italienske generalen Bixio i 1870.

Under den andre verdskrigen vart Civitavecchia hardt råka av dei allierte sine bombetokt, og mange sivile mista livet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]