Tyrrenhavet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tyrrenhavet

Tyrrenhavet eller Det tyrrenske havet (Mar Tirrenoitaliensk) er ein del av Middelhavet utanfor vestkysten av Italia. Det grensar til Korsika og Sardinia i vest, Liguria i nord, Toscana, Lazio, Campania og Calabria i aust og Sicilia i sør.

På det djupaste er havet 3 785 meter djupt. Tyrrenhavet ligg nær den afrikansk-europeiske forkastinga, og derfor finn ein undervassfjellkjeder og aktive vulkanar under havnivå. Av vind i området finn ein mistralvinden frå Rhônedalen, libeccio frå sørvest, sirocco og Ostro frå sør.

Det er fem vegar ut av Tyrrenhavet:

I gresk mytologi trudde ein at klippene ved Tyrrenhavet var heimstad for dei fire vindane til Aeolos. Namnet på denne delen av Middelhavet kjem frå det greske namnet på etruskarane, som skal ha vore emigrantar frå Lydia og styrt av Tyrrhenos. Etruskarane slo seg ned langs kysten av det som i dag er Toscana og refererte til havområdet som «Etruskarsjøen».

Kjelde[endre | endre wikiteksten]


Koordinatar: 39°31′N 13°21′E