Coahuila

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nuevo León

Coahuila er ein delstat i den nordlege delen av Mexico. Andre namn for Coahuila er Coahuila de Zaragoza. Den har sams grense med Nuevo León, Zacatecas, San Luis Potosí, Durango og Chihuahua. Delstaten ligg ved elva Rio Grande og grensar til den amerikanske delstaten Texas.

Hovudstad og administrasjonsstad er Saltillo. Med eit flatevidd på 149 985 km² er Coahuila den tredje største delstaten i Mexico. Han har eit folketal på om lag 2 495 200 innbyggjarar i 2005.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]