Veracruz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Veracruz

Veracruz (Veracruz de Ignacio de la Llave) er ein delstat i Mexico. Delstaten er langsmal og ligg langs landets austkyst mellom det sentrale høglandet og Mexicogolfen. Arealet er på 71 699 km², litt mindre enn Finnmark og Troms til saman. Veracruz har om lag 7 millionar innbyggjarar.

Hovudstaden i delstaten heiter Jalapa, av og til stava Xalapa. Den største byen heiter Veracruz, også kjent som Puerto de Veracruz.

Namnet[endre | endre wikiteksten]

Namnet Veracruz tyder på spansk 'Den sanne krossen', og blei gitt av Mexicos erobrar Hernán Cortés ved landsstiginga i 1519. Delstaten heiter offisielt Estado Libre y Soberano de Veracruz de Ignacio de la Llave. Ignacio de la Llave var ein general som blei drepen i 1863 då han freista å halde franske invasjonsstyrkar ute av landet.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Veracruz er ein langstrakt stat som ligg langs Golfkysten. Nede ved kysten ligg det ein frodig kystslette, og vassrike elver kjem ned frå høglandet. På grensa mot Puebla ligg det høgaste fjellet i Mexico, vulkanen Citlaltépetl på 5610 m.o.h.

Klimaet varierer frå evig snø på toppane av vulkanane til fuktig, tropisk klima på kysten. I hovudstaden Jalapa og mange stader i høgda elles har ein eit temperert klima som aldri blir for varmt eller kaldt. I byar som Veracruz og Coatzacoalcos er det særs varmt og fuktig, og regionen er også utsett for orkanar.

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Folkesetnaden i Veracruz har sterke innslag av urfolk, mest kjent er totonac-folket i den sentrale delen, huastec-folket i den nordlege delen, og nahua-folket som bur i fjella. Afrikansk-meksikanarar er også sterkt representert i kystområda.

Frodig kystkultur[endre | endre wikiteksten]

Dei etter meksikanske tilhøve mørkhuda «jarochos», som innbyggarane kallast, er kjende for å vera livsglade menneske med et avslappa forhold til den katolske religionen og eit frodig språk. Den lokale dialekten har eit liberalt tilhøve til korrekt spansk uttale.

Kosten i Veracruz inneheld mykje sjømat, og «pescado a la veracruzana», fisk på Veracruz-vis, er ein favoritt i heile Mexico. Den sylta jalapeño-chilien har namn etter delstatshovudstaden Xalapa. Karnevalet i Puerto de Veracruz er ein fantastisk folkefest som trekker til seg deltakarar frå heile Mexico. Musikken i området kallast «son jarocho», og kombinerer harpe og gitar med karibiske rytmar. Den mest kjente visa er songen La Bamba, som i ein rockeversjon var ein verdshit på femtitalet.

Olmek-steinhovud

Historie[endre | endre wikiteksten]

I Veracruz blomstra olmec-kulturen i hundreåra før Kristi fødsel, og spor er funne i arkeologiske utgravinga i El Tajín. Perioden frå 300-900 kallast "klassisk Veracruz". Etter olmec kom toltecarane frå høglandet, før Totonac-kulturen etablerte seg i den sentrale delen. Aztekarane erobra det meste av Veracruz i løpet av 1400-talet. I 1519 gjekk Hernán Cortés i land i Veracruz by, og allierte seg med totonac-folket i hovudstaden deira Zempoala. Dei var lei den aztekiske dominansen, og så dette som eit høve til å bli kvitt dei.

I kolonitida var området prega av plantasjedrift, og svært mange afrikanarar blei importert som slavar. Nokre av dei rømte, og levde som røvarbandar i jungelområda. Området var også svært utsett for piratverksemd, og Puerto de Veracruz blei plyndra av piratar ved fleire høve. Handelen mellom Mexico, Filippinane og Spania var likevel livleg, og kystbyar som Puerto de Veracruz og Tlacotalpan var viktige i den meksikanske kolonien. På 1800-talet var Veracruz innfallsport for både franske og amerikanske erobringstokt inn i Mexico.

Interessant i Veracruz[endre | endre wikiteksten]

El Tajín er ein arkeologisk utgraving frå olmec-kulturen. Puerto de Veracruz er ein livleg by med mange minner frå kolonitida, blant anna festninga San Juan de Ulúa. Delstatshovudstaden Xalapa har ein historisk bykjerne i kolonistil, samt eit av Mexicos beste arkeologiske museum. Sør i delstaten ligg Tlacotalpan, med fargerike 1700-talhus påverka av byggestilen på dei karibiske øyane. Tlacotalpan står på verdsarvlista til UNESCO. Strendene langs Golfkysten er ikkje av same kvalitet som på Stillehavskysten og den karibiske kysten, men rundt Puerto de Veracruz finst fleire mykje nytta strender.

Fyrtårn i Veracruz by

Kjelder[endre | endre wikiteksten]