Delstaten San Luis Potosí

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
San Luis Potosí
delstat
Flagg
Land  Mexico
Hovudstad San Luis Potosí
Areal 60 983 km²
Folketal 2 717 820 (2015)[1]
Kart
Delstaten San Luis Potosí
22°36′12″N 100°25′47″W / 22.603333333333°N 100.42972222222°W / 22.603333333333; -100.42972222222
Wikimedia Commons: San Luis Potosí

San Luis Potosí (òg SLP eller San Luis) er ein delstat i Mexico. Han ligg i sentral-nordlege delen av landet og har eit areal på 60 983 km². Delstaten grensar til Coahuila i nord, Nuevo León i nord-aust, Tamaulipas og Veracruz i aust, Hidalgo, Querétaro og Guanajuato i sør, og Zacatecas i nord-vest.

I 2015 hadde San Luis Potosí eit folketal på like over 2 700 000 innbyggjarar. Hovudstaden og største byen er San Luis Potosí. Andre store byar er Ciudad Valles og Matehuala.

Delstaten vart oppkalla etter Kong Louis IX av Frankrike.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Encuesta Intercensal 2015: Principales resultados» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 10. desember 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Delstaten San Luis Potosí