Color Line Stadion

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Color Line stadion
16. april 2005: Aalesundsupporterar på veg til opninga av stadion

Color Line Stadion er den norske fotballklubben Aalesund si heimebane. Arenaen, som blei opna 16. april 2005, ligg i byen Ålesund i Møre og Romsdal.

Color Line Stadion har kunstgras, og anlegget erstatta den gamle bana Kråmyra før 2005-sesongen. Tilskodarkapasiteten er 11 000, og tilskodarrekorden er 10 903 mot Hamarkameratene den 3. august 2005. Den første kampen blei spela mot Odd Grenland, og det første målet på arenaen blei skåra av Olivier Occean. Den første Aalesundspelaren som skåra på bana var Lasse Olsen.

[endre] Strauk i FIFA-test

Aalesund FK var ivirige etter å sikre seg tostjerners-sertifikatet til FIFA og få banen godkjend til internasjonale kampar. Det ville tyde at det kunne arrangerast internasjonale kampar på Color Line stadion. Men då FIFA inspiserte bana hausten 2006, strauk Color Line i den såkalla «balltesten». Balltesten går ut på at ein rullande fotball blir sendt av garde med ein viss fart, og skal stoppe etter eit visst tal meter. Etter FIFA sine vurderingar rulla ballen litt for langt, og dermed strauk Color Line stadion på «FIFA-testen». Grunngjevinga var at friksjonen var for svak. Bana fekk dermed ikkje FIFA-godkjenning, og etter dette vurderer no Aalesund fotballklubb om dei skal skifte dekke.

[endre] Bakgrunnsstoff

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk