Coromandel på New Zealand
Coromandel er namnet på ein liten by og ei hamn på vestkysten av halvøya Coromandel Peninsula, som ligg på austkysten til Nordøya på New Zealand. Staden ligg 75 km aust for byen Auckland, sjølv om vegen mellom dei, som svingar seg kring kysten av Firth of Thames og Haurakigolfen, er 190 km lang.
Byen fekk namn etter halvøya, som på si side fekk namn etter orlogsskipet Coromandel som segla inn i hamna i 1820. I si tid var dette ei viktig hamn for gullgruvene og kauriindustrien på halvøya. I dag er dei viktigaste næringsvegane i byen turisme og skjeldyrking.
Coromandel Harbour er ei vid havbukt i Haurakigolfen, og ligg i ly bak fleire øyer, den største av dei er Whanganui Island.
Byen og området kring er er ein populær feriestad for newzealendarar om sommaren. Coromandel er kjend for kunstnarar, handverk, alternativ livsstil, skjeldyrking og sportsfiske. Folketalet var 1476 ved folketeljinga i 2006, ein oppgang på 39 frå 2001.[1]
Referansar [endre]
- A. W. Reed (2002) The Reed Dictionary of New Zealand Place Names – Reed Books, Auckland. ISBN 0-7900-0761-4.
- Denne artikkelen bygger på «Coromandel, New Zealand» frå Wikipedia på engelsk, den 7. mars 2009.