Waikato

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Regionen Waikato
Waikato Regional Council
Land: New Zealand
Position of Waikato Region.png
Regionstyre
Namn: Environment Waikato
Leiar: Peter Buckley
Folketal: 382 716
Folketeljinga mars 2006
Areal: Omkring 25 000 km2, eller 2,5 millionar hektar.
Heimeside: http://www.ew.govt.nz
Større og mindre byar
Større byar: Hamilton
Mindre byar: Cambridge, Coromandel, Huntly, Matamata, Miranda, Morrinsville, Ngaruawahia, Ngatea, Pirongia, Putaruru, Raglan, Taupiri, Taupo, Te Aroha, Te Awamutu, Te Kauwhata, Te Kuiti, Thames, Tirau, Tokoroa, Waihi
Distrikt
Namn: Hamilton City
Waikato District
South Waikato District
Waipa District
Thames-Coromandel District
Matamata-Piako District
Waitomo District
Otorohanga District
Ein del av Franklin District
Hauraki District
Ein del avTaupo District
Ein del av Rotorua District
Heimesider: http://www.hamilton.co.nz
http://www.waikatodistrict.govt.nz
http://www.swktodc.govt.nz
http://www.waipadc.govt.nz
http://www.tcdc.govt.nz
http://www.mpdc.govt.nz
http://www.waitomo.govt.nz
http://www.otodc.govt.nz
http://www.franklindistrict.co.nz
http://www.hauraki-dc.govt.nz
http://www.taupo.govt.nz
http://www.rdc.govt.nz

Waikato er ein regionNordøyaNew Zealand. Den nøyaktige avgrensinga til regionen er for ein stor del avhengig av i kva samanheng ein brukar namnet, men i alle tilfelle dreier det seg om eit omkråde kring byen Hamilton og langs breiddene til elva Waikato River.

Andre definisjonar[endre | endre wikiteksten]

Regionen Waikato[endre | endre wikiteksten]

Waikato region er ein lokalstyrt region på vestsida av Nordøya på New Zealand. Han strekkjer sg frå innsjøen Lake Taupo og den nordlege delen av landskapet King Country i sør, opp til halvøya Coromandel Peninsula og grensa til Regionen Auckland. Regionen har ei flatevidde på 25 000 km², og eit innbyggjartal (ved folketeljinga i mars 2006) på 387 716.

Waikatoregionen (generelt)[endre | endre wikiteksten]

Utrykket Waikato står ofte berre for ein del av den offisielle regionen, der ein ser bort frå områda kring Coromandel Peninsula og Thames Valley i nord, og områda kring og nord for innsjøen Lake Taupo i søraust.

Waikato District[endre | endre wikiteksten]

Waikato kan også handla om distriktet Waikato som har sin eigen lokale administrasjon (Waikato District Council). Dette omfattar byane Ngaruawahia, Huntly og Raglan.

Waikato River[endre | endre wikiteksten]

Ein hjuldampar på Waikato River.

Waikato River er den lange elva som har gjeve namn til regionen. Waikato er eit maoriord som tyder 'rennande vatn'.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Waikato River renn gjennom Hamilton.

Mot vest grensar regionen til Tasmanhavet. Ut mot kysten er landskapet for ein stor del ganske kupert med opprevne åsrekkjer, men er meir avflata i den nordlege delen, nærare munningen til Waikato River. Dette området vert kalla Hakarimata Range. Langs kysten ligg tre store naturlege hamner: Raglan Harbour, Aotea Harbour, og Kawhia Harbour. Kysten kring Raglan er kjend for dei svarte vulkanske sandstrendene sine, men òg for dei fine tilhøva for surfing i Manu Bay og stranda Ruapuke. Aust for åsane ved kysten ligg det breie elvebassenget til Waikato River. Regionen har eit fuktig temperert klima, og ein stor del er dyrka jordbruksland, men der er òg område med udrenerte torvmyrer. Det er i dette vide området (Waikato Plains) at størsteparten av innbyggjarane i regionen held til, og jorda er oppdyrka, både til husdyr (for det meste mjølkekyr) og for nyttevekster, som til dømes mais. Området omkring Cambridge har mange stallar for fullblodshestar.

Nord i regionen, kring Te Kauwhata, vert somme av dei beste vinane på New Zealand produserte. Det ligg fleire grunne innsjøar i dette området, den største av desse er Lake Waikare.

I aust stig landskapet mot dei skogkledde åsane i Kaimai og Mamaku Ranges. I dei øvre delane av Waikato River vert det produsert vasskraft, og fleire store oppdemde innsjøar ligg søraust i regionen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Før europearane kom, var dei vestre delane av Nordøya av dei tettast busette områda på New Zealand, og tilhaldsstad for māori iwi (stammer) som til dømes Ngāti Toa og Tainui.

Waikato er av stor historisk interesse, særleg når det gjeld tilhøva mellom māoriar og europearar i den tidlege kolonitida på New Zealand. Under māorikrigane (Land Wars) i 1860-åra var Waikato arena for ei stor blodsutgyting, under det som seinare har vorte kalla invasjonen av Waikato. For ein stor del som hemn for at māoriar i Waikato hadde hjelpt māoriar i Taranaki til å verja landet sitt i ein tidlegare strid, den første Taranakikrigen, dreiv styresmaktene i kolonien — med hjelp av britiske troppar — māoristyrkar søretter frå hovudbusetnadane i Auckland, gjennom fleire forsvarslinjer som var organiserte av dei sameina iwi i motstandsrørsla King Movement. I 1863 og 1864 fann det stad kampar i Meremere, Ngaruawahia, Rangiaowhia (sørvest for Cambridge) og ved Orakau (nær Te Awamutu). Til slutt vart styrkane til māoriane drivne attende til stillingar i områda sør for Waikato; områda her er enno kjende som King Country. Omlegringa av Orakau vart udødeleggjort i ein av dei tidlegaste spelefilmane på New Zealand, Rewi's Last Stand, i 1925.

Den nasjonale marae, Turangawaewae, ligg ved Ngaruawahia. Her ligg også setet til den nyleg krona māorikongen, Tuheitia Paki.

Busetnad[endre | endre wikiteksten]

Større og mindre byar[endre | endre wikiteksten]

Victoria Street i Hamilton i kveldinga.
Kart over folketettleiken i Waikato ved folketeljinga i 2006. Klikk på kartet for å sjå teiknforklaringa.

Byen Hamilton er det største senteret med eit folketal på 158 500 i 2006. Byen er sete for universitetet Waikato University og Wintec. Byane Tokoroa, Te Awamutu og Cambridge har kvar om lag 1 000 til 15 000 innbyggjarar i bysentra og dei omliggjande landdistrikta.

Dei mindre byane Huntly, Matamata, Morrinsville, Ngaruawahia, Otorohanga, Putaruru, Raglan, Te Kauwhata, Te Kuiti, og Tirau ligg også i regionen.

Andre byar i regionen Waikato, men utanfor det som til dagleg vert rekna som Waikatoområdet, er Tuakau og Mercer, sør for Auckland; Paeroa, Te Aroha, Thames, Whangamata, og Whitianga kring Thames Valley og på halvøya Coromandel Peninsula; Taupo (folketal 22 300) og byen Turangi i søraust.

Regnskog på Coromandelhalvøya.

Folk frå Waikato kallar seg stundom Mooloo for å tilkjennegi regionen sin, særleg i samband med sportstilstellingar. Truleg vart nemninga først bruka om regionen sitt rugbylag, Waikato Rugby Union. Opphavet til nemninga er ein maskot med likskap av ei mjølkeku, som vart brukt i paradar, offentlege tilstellingar og sportstilstellingar — særleg rugby, for å tlkjennegi kor viktig meieriindustrien er for regionen. Waikato er også setet til rugbylaget Chiefs og cricketlaget Northern Districts Knights.

Kjende personar frå Waikato[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 37°30′S 175°20′E

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Waikato