Cray i England

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om elva Cray i England. For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Cray.
Cray
elv
none  Samløpet mellom Darent og Cray (høgre) ved Crayford Marshes.
Samløpet mellom Darent og Cray (høgre) ved Crayford Marshes.
Land Flag of England.svg England
Kjelde Orpington Pond
Munning Darent
 - høgd moh
Lengd 14 km

Cray er ei elv i det sørlege England. Ho har utspringet sitt i Priory Gardens i bydelen Bromley i London.

Elva renn så nordover gjennom industri- og bustadområdet St. Mary Cray, St. Pauls Cray, Foots Cray og så ut i det landlege området Foots Cray Meadows. Ho renn deretter under Fice Arch-brua frå kring 1781 og forbi Loring Hall, der Lord Castlereigh budde og gjorde sjølvmord i 1822.

Ho fortset nordover forbi North Cray og Bexley. I Bexley har ein restaurert eit badehus frå ca 1766 i gotisk stil. Elva renn så gjennom parken til Hall Place, før ho vender austover gjennom Crayford og Barnes Cray før ho renn ut i Darent ved Crayford Ness. Landsbyane ho renn gjennom og forbi er kollektivt kjent som «The Crays».

Det er oppretta ein ca 16 km lang skilta gangveg langs elva, med start ved Foots Cray Meadows.

[endre] Kjelder

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk