Darent

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Darent
elv
none  Darent (til venstre) og Cray (til høgre) renn saman ved Dartford
Darent (til venstre) og Cray (til høgre) renn saman ved Dartford
Land Flag of England.svg England
Kjelde Åsane sør for Westerham 51°14′53″ N 0°4′26″ E
Munning River Thames 51°29′ N 0°13′ EKoordinatar: 51°29′ N 0°13′ E
Lengd 34 km

Darent er ei sideelv til Themsen som renn i Kent i England. Namnet trur ein kjem frå eit keltisk ord som tyder «elva der det veks eiketre».

Ho har utspringet sitt ved Sevenoaks, renn så nordover forbi Otford, Shoreham, Lullingstone ved slottet og ruinane av ein romersk villa, Eynsford, Farningham, Horton Kirby, South Darenth, Sutton at Hone, Darenth og Dartford. Sistnemnde byen var som namnet indikerer («ford» = «vadestad») ein stad der vegen frå London til kysten kryssa elva. Det er dokumentert at denne vadestaden var i drift alt i romersk tid. Ei ferjeteneste vart oppretta av ein einebuar i 1235, og var i drift til 1518, lengje etter at den første brua var bygd under Henrik IV (13991413). Denne gangbrua stod heilt til midten av 1700-talet.

Nord for Dartford renn elva Cray inn i Darent frå vestsida. Darent renn så vidare gjennom Dartfordmyrene og Crayfordmyrene, og inn i Themsen ved Crayford Ness. Lengda frå utspring til Crayford Ness er 34 km.

I 1989 innsåg ein at vassføringa hadde minka kraftig, noko som gjekk ut over dyre- og fuglelivet i området. Mykje arbeid har vorte lagt i å rette opp dette, blant anna stenginga av fleire borehol langs elva som førde til stor avrenning. I 2004 vart ein skulptur reist i takksemd til dei som har arbeidt for å redde elva; han viser nokre av artane som har fått nye høve langs elva.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]