Cruiseskip

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
MS «Freedom of the Seas» er det tredje største cruiseskipet i verda.

Cruiseskip eller turistskip er passasjerskip som ikkje har som oppgåve å frakte ferdafolk og gods frå ei hamn til ei anna, men er innretta eller spesialbygd for turisttrafikk og opplevingsreiser langs framande kystar, i interessante havområde osb.

Ein kan gjerne omtala cruiseskip som flytande luksushotell. I tillegg til høg standard på passasjerlugarane (opphalds- og soveromma for passasjerane), har cruiseskipa ofte eit godt utval av restaurantar, skjenkestadar, barar og butikkar for sal av toll- og avgiftsfrie varer (taxfreebutikkar). Dei fleste skipa er utstyrte med fritids- og underhaldningstilbod som til dømes kino, bibliotek, symjebasseng, golfsimulator, trimsenter og lokale for pengespel eller liknande (casino).

Forureining frå turistskipa[endre | endre wikiteksten]

Drifta av cruiseskip forureinar både luft og sjø, og trafikken kan uroe dyrelivet på måtar som får varige negative verknader, ikkje minst i sårbare område som til dømes i arktiske og antarktiske strok, som ser ut til å verte stendig viktigare mål for slik verksemd. Avfallsvatn frå dusj, vask og oppvask frå eit større cruiseskip kan svare til utsleppa frå ein stor kommune, og det finst ikkje noko forbod mot å late dette vatnet gå ureina i sjøen. Eksos frå cruiseskip har stort innhald av svovel, til liks med eksos frå andre store fartøy, og i tronge vestnorske fjordar mellom høge fjell kan røyken frå skipa hopa seg opp og verte til plage i turistsesongen. Men utsleppa frå cruiseskipa kjem ikkje med i noko lands utsleppsrekneskap.

Spire Denne transportartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.