Restaurant

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein restaurant i New York

Restaurant er avleda av det latinske verbet "restauro" som tyder å reparere. Ein resturatør jobba med å stille svolten.

Restaurant vert nytta om større og finare etestadar med eit breitt utval av varme og kalde matretter og drikkevarer kor gjestane vert betjent av kelnarar/servitørar. Ein kafé har gjerne enklare meny enn det som finst på ein restaurant, men ordet kan også nyttast om mindre restaurantar.

Mange restaurantar har eit tema basert på maten dei serverer. Dette kan vere frå eit land som t.d. fransk, italiensk, thailandsk eller indisk, eller innan ei matgruppe som t.d. fisk eller vegetar.

Gode restaurantar kan få anerkjenning gjennom Michelinguiden, kor etablissementet kan få tildelt opp til tre stjerner etter at Michelin sine inspektørar har vore på uanmeldt inspeksjon. I Noreg er det 4 restaurantar som har fått stjerner.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]