Cthulhu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Skisse av Cthulhu teikna av H.P. Lovecraft sjølv

Cthulhu er hovudfienden i ei novelle H.P. Lovecraft skreiv i 1926: «Call of Cthulhu». Han, eller rettare det, er ein gamal, sovande gud, som såvidt vaknar og spreier galenskap og vonde draumar over heile verda ei stutt tid våren 1925. Sjølv om Cthulhu berre er med i denne eine novella, har han, eller det, blitt fellesnemnar for heile Lovecrafts lagnadstunge fantasi-mytologiske byggverk: Cthulhu-mytologien.

Framtoning[endre | endre wikiteksten]

Cthulhu framstår som ein ovende stor vanskapnad, med hovud som ein blekksprut, kropp som ein drake og med venger som ei flaggermus. Han søv under den eldgamle og førmenneskelege byen R`lyeh, som er å finne i Stillehavet, på det punktet som ligg lengst frå noko anna landmasse. Denne gamle og heller agelege guden har tilbedarar, ein kult som messer på eit uskjøneleg språk, og som ventar på at Cthulhu skal vakne og ta tilbake herreveldet over verda. I følge novella er kulten eldre enn menneskeleg sivilisasjon. Det kjem og fram at alle som veit noko om dette, men som ikkje sluttar seg til kulten, blir drepne ein etter ein. I novella blir Cthulhu sett ut av spel av ein norsk sjømann som køyrer fiskebåten han styrer beint i magen på utysket. Han overlever som den einaste av eit mannskap på seks, men er mest frå vit og sans når han blir funnen einsam i drift på havet.

Bruk i populærkultur[endre | endre wikiteksten]

Cthulhu er sjølvsagt avbilda ei rekkje gonger, og spelar og ei rolle i teikneserien M av den norske teiknaren Mads Eriksen, som vender opp ned på skrekkhistoria ved å ta Cthulhu med seg heim til jul.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource

Teksten til The Call of Cthulhu ved Wikisource.