Cuciurgan-reservoaret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Cuciurgani (Kutsjurhanukrainsk; Kutsjurganrussisk) er eit stort reservoar i Transnistria i Moldova.

Innsjøen ligg heilt sør i regionen på grensa til Odessa oblast i Ukraina og vassressursane vert delt mellom dei to landa.[1] Han vart demd opp av Kutsjurhan like nord for der ho munnar ut i Dnestr. Reservoaret er 29 km lang og er 3 km brei ved sida av demninga. Det totale vassarealet er 27,2 kvadratkilometer. Før demninga vart bygd var det alt ein liman her i den sørlege delen av Kutshurhandalen.

Cuciurgani er i dag eit populært fritidsområde for innbyggjarane nær Tiraspol, hovudstaden i Transnistria. Kutsjurgan kraftverk nyttar vatn frå reservoaret til avkjøling, og reservoaret vert ikkje nytta til vasskraft.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Food and Agriculture Organization of the United Nations (1997). Irrigation in the countries of the former Soviet Union in figures. Food & Agriculture Org.. ss. 162–. ISBN 978-92-5-104071-3. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 46°36′0″N 29°58′0″E