Ukrainsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ukrainsk
українська мова, ukrajinska mova
Klassifisering Indo-europeisk
 Slavisk
  Austslavisk
   Ukrainsk
Talarar Ukrainarar
Bruk
Tala i Ukraina
Ukrainsktalande i alt 37-38 millionar[1]
Rangering 28. plass
Skriftsystem Kyrillisk

(ukrainsk variant)

Offisiell status
Offisielt språk i  Ukraina
Normert av Det nasjonale vitskapsakademiet i Ukraina
Språkkodar
ISO 639-1 uk
ISO 639-2 ukr
ISO 639-3 ukr
Wikipedia på ukrainsk

Ukrainsk er eit austslavisk språk på den slaviske greina av dei indoeuropeiske språka. Det blir tala som morsmål av om lag 47 millionar menneske, av dei bur om lag 31 millionar i Ukraina, der det er offisielt språk. Resten fordeler seg på 25 andre statar. Ukrainsk blir skrive med det kyrilliske alfabetet, men det ukrainske alfabetet har nokre bokstavar som er annleis enn dei russiske.

Video med ukrainsk tale

Ukrainsk høyrer saman med russisk og kviterussisk til den austslaviske språkgruppa. På 1700-talet utvikla det seg attmed kyrkjeslavisk eit ukrainsk skriftspråk som sprang ut frå folkemålet. På 1800-talet blomstra ukrainsk som litteraturspråk, men i 1876 kom det eit vidtgåande forbod mot ukrainskspråklege publikasjonar og anna bruk av språket, fordi tsaristiske tenestemenn ottast separatisme. Dette vara til 1906. Den mest framståande ukrainske diktaren på 1800-talet, Taras Sjevtsjenko, vart elles send i indre eksil til Kasakhstan for tekstane sine.

Med skipinga av ein sjølvstendig ukrainsk republikk i 1918 vart ukrainsk for første gong statsspråk, det var det òg i Den ukrainske sovjetrepublikken. Likevel dominerte russisk i vitskap, litteratur og media. Derfor har omgangsspråket til folk flest sterk russisk påverknad. Dette ser ein klart når ein samanliknar med ordbruken i det sterke ukrainske miljøet i Canada. Men språket deira verkar eksotisk og forelda for innanlands-ukrainarane.

Med sjølvstendet i 1991 vart ukrainsk einaste offisielle språket i den nye staten. Det var mykje strid om dette, da 22 prosent av folkesetnaden i Ukraina er russarar, og også mange etniske ukrainarar i den austlege delen av landet berre talar russisk. Det finst òg ei munnleg blandingsform mellom russisk og ukrainsk, kalla sursjyk.

På grunn av denne historiske utviklinga er språkspørsmålet for mange ukrainarar enno eit brennbart politisk tema, som blir heftig diskutert.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. ukrcensus.gov.ua, Ukrainian, Ethnologue, 2000.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.