DR Update

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

DR Update er ein dansk nyhendekanal som er driven av DR. Kanalen sender nyhende både på Internett og fjernsyn. DR Update produserer små, kompakte nyhendeinnslag, som frå starten vart oppdatert kvar dag mellom 7.00 og 23.00. Ein kan sjå klippa i ein eigen avspelar på nettstaden til DR Update samt på fjernsynskanalen DR Update. Kanalen er den fyrste i Danmark som er utvikla for Internett, i og med at brukaren sjølv er i stand til å velje kva for innslag vedkommande vil sjå. Fjernsynskanalen DR Update har ein plass i det digitale bakkenettet i Danmark. Canal Digital og Yousee distribuerer også kanalen i programpakkane sine. Fjernsynskanalen sender kontinuerleg nyhendesendingar på 10 minutt, noko som vil seie seks nyhendesendingar i timen. Kanalen er driven i samarbeidd med regionalradioane til DR, som har fått utlevert 100 såkalla DV-kamera. Dermed kan DR Update byggje på det eksisterande korpset av nyhendejournalistar over heile landet. DR Update produserer også nyhenda på DR1 klokka 12.00, 15.00 og 17.50.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]