Dag Hammarskjølds vei i Bergen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Dag Hammarskjølds vei i Bergen er ein veg i Fyllingsdalen, frå Fyllingsdalsveien til krysset mellom Torgny Segerstedts vei og Hjalmar Brantings vei. Vegen fekk namnet i 1964 etter den svenske diplomaten og politikaren Dag Hammarskjöld (1905–61), som var generalsekretær i Dei sameinte nasjonane i tida 1953–1961.

I Dag Hammarskjölds vei 7 ligg ungdomsskulen Lynghaug skole (8.–10. klasse), bygd i 1971 etter teikningar av arkitektane Paul Cappelen og Torbjørn Rodahl. I denne vegen låg dessutan Fyllingsdalen sykehjem fram til mesteparten av verksemda vart lagd ned etter at Løvåsen sykehjem stod ferdig hausten 2006.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]