Dag og Tid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dag og Tid
Type Dagsavis
Format Tabloid
Språk nynorsk

Dag og Tid er ei nynorsk vekeavis. Utgjevarsteden er Oslo med adresse Pilestredet 8.

Avisa kom med fyrste prøvenummer i 1962, med den kjende NRK-profilen Arthur Klæbo som redaktør. Det skulle gå så lenge som seks år før avisa klarte å etablere stabil drift med vekentlege ugjevingar. Det skjedde frå 1968. Dag og Tid hadde eit oppsving kring striden med EF. På siste halvdel av 1970-talet kom avisa med to nummer i veka.

Dag og Tid er politisk sjølvstendig, men med en klar motstrøms og målpolitisk profil. Den legg vekt på stoff om kultur og politikk, og gjer plass for innlegg og artiklar som dekkjer eit bredt spekter av samfunnsoppfatningar. Eigarskapet er fordelt på rundt 1200 aksjonærar.

Kjende namn i Dag og Tid opp gjennom historia har blant annet vore Herbjørn Sørebø, Ivar Eskeland, Per Øyvind Heradstveit, Daniel Liseth, Olav Rytter og Jon Hustad.[1]

Innhaldsliste

Redaktørar [endre]

Denne lista er diverre ufullstendig. Om du veit meir, kan du hjelpe Wikipedia ved å utvide den.

Opplag [endre]

Bekreftede netto opplagstall fra Mediebedriftenes Landsforening:[2]

  • 1993: 6 263
  • 1994: 5 886
  • 1995: 6 011
  • 1996: 6 375
  • 1997: 6 728
  • 1998: 6 766
  • 1999: 6 319
  • 2000: 6 318
  • 2001: 6 671
  • 2002: 6 519
  • 2003: 6 982
  • 2004: 7 029
  • 2005: 7 054
  • 2006: 7 206
  • 2007: 7 228
  • 2008: 7 233
  • 2009: 7 531
  • 2010: 8 338
  • 2011: 8 729
  • 2012: 9 132

Kjelder [endre]

  1. Norsk presses historie 1660-2010, Bind 4, side 72. Universitetsforlaget 2010. ISBN 978-82-15-01604-7
  2. Aviskatalogen, tall fra nettsidene til Mediebedriftenes Landsforening

Bakgrunnsstoff [endre]