Daler silvermynt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit myntteikn, nominelt ein dalar silvermynt.

Daler silvermynt (dalar SM) var ein valuta som vart nytta i Sverige mellom 1633 og 1776. 1 daler silvermynt vart fastsett til 2 dalar (enkelt) kopparmynt 16. august 1633, til 2,5 dalar (enkelt) kopparmynt 24. mars 1643 og til 3 dalar (enkelt) kopparmynt 7. oktober 1665. Etter 1776 nytta ein hovudvalutaen riksdaler (specie).

Frå 1715 till 1719 vart det gitt ut nødmynt, som var av kopar og skulle motsvare verdien på 1 daler silvermynt. Dei vog berre ca. 6 gram og var derfor ein kredittmynt.

1 riksdalar = 3 dalar SM = 96 øre silvermynt.
1 daler silvermynt = 2 daler carolin = 4 mark = 32 öre SM (1 öre silvermynt = 24 penningar).
Dei lågaste nominalane 1 og 2 öre silvermynt var prega i kopar.

I bokføring frå denne tida (1633-1776) nytta ein ofte kolonnane: dalar SM, øre SM og penningar.

Vekslingskurs[endre | endre wikiteksten]

1719–1776 var 1 riksdalar = 3 dalar silvermynt = 9 dalar kopparmynt.
1776 - 1 riksdalar = 6 dalar silvermynt.
Ei tønne gull var 100 000 dalar silvermynt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]