Riksdalar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein riksdalar species frå 1628

Riksdalar (bokmål Riksdaler) var hovudpengeeining i Noreg frå 1541/44 til 1813.

Riksdalar species var ein sølvmynt med finvekt 25–26 g. Mynten vart slått i Danmark frå 1537. Riksdaler med det norske riksvåpenet vart tidlegast slått i 1546. Det kunne gå mange år mellom kvar gong det vart slått riksdalar. Ein riksdalar species hadde fram til 1813 likevel eit forholdsvis fast sølvinnhald, og mynten vart dermed ein tilsvarande stabil verdimålar, i motsetnad til skiljemynten, som stadig fekk sølvinnhaldet redusert.

Ein riksdalar var frå 1544 lik 48 skilling, frå 1625-1813 var han inndelt i 96 skilling, eller 6 mark a 16 skilling. Samtidig kunne ein dele han i fire ort a 24 skilling.

Riksdalar courant vart frå 1695 bruka som rekneeining for ein sum småmynt eller sedlar med offisiell verdi lik ein riksdalar. Ein riksdalar kurant hadde offisielt ein verdi på om lag 80 % av ein riksdalar species. Under napoleonskrigane tidleg på 1800-talet fall verdien kraftig, slik at ein riksdalar kurant i 1813 var verd berre tolvdelen av ein riksdalar species.

I 1813 vart riksdalaren avløyst av riksbankdalaren, som i 1816 vart avløyst av spesidalaren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.