Daley Thompson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Daley Thompson


Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 30. juli 1958 (65 år)
London
Idrett friidrett, fotball
Tok del i

athletics at the 1988 Summer Olympics – men's decathlon, Friidrett under Sommar-OL 1984, Friidrett under Sommar-OL 1980, Friidrett under Sommar-OL 1976

Utmerkingar

kommandør i den britiske imperieorden, BBC Sports Personality of the Year Award

Francis Morgan Thompson, kjend som Daley Thompson, (fødd 30. juli 1958) er ein britisk tidlegare friidrettsutøvar frå London som tevla i mangekamp og i sprintøvingar. Han vann to OL-gull, eitt VM-gull, to EM-gull og sette fire verdsrekordar i tikamp i tida 1980 og 1984. Thompson sin personlege rekord på 8 893 poeng stod som verdsrekord i ni år.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Thompson slo seg inn i verdseliten 20 år gammal, då han i 1978-sesongen vann tikampen under samveldeleikane og vart nummer to i europameisterskapen. Best var han i samveldeleikane i Edmonton, der han oppnådde 8 467 poeng. Andreplassen i EM var siste gongen på ni år at han ikkje vann dei tikamptevlingane han stilte opp i.

I mai 1980 forbetra Thompson verdsrekorden til 8 622 poeng i Götzis, vesttyskarane Guido Kratschmer og Jürgen Hingsen kom dei på to neste plassane. Sidan Vest-Tyskland boikotta Moskva-OL sommaren 1980 slapp Thompson å møte dei to vesttyske tikjemparane og han vann ein klar OL-siger framfor to utøvarar frå arrangørlandet.

Thompson pynta sin eigen verdsrekord til 8 704 poeng under meistermøtet i Götzis i mai 1982. Hingsen, som vart nummer to i Götzis, forbetra så verdsrekorden til 8 723 poeng eit par manåder seinare. Dei to møttest til dyst under EM i friidrett 1982 i Aten, der Thompson viste seg som den klart beste og tok tilbake verdsrekorden med sine 8 743 poeng. På tampen av 1982 vann han tikamp under samveldeleikane i Brisbane.

Etter at Hingsen i juni 1983 hadde oppnådd 8 779 poeng og sett ny verdsrekord, var det mange som rekna med ei tett tevling mellom Thomspon og Hingsen i den fyrste verdsmeisterskapen i friidrett. Men atter viste Thompson seg som den sterkaste utøvaren og sikra gullmedaljen med 105 poeng til gode på vesttyskaren. Nøyaktig den same differansen var det mellom dei to då OL-tikampen vart avvikla i Los Angeles i 1984. På ny vann Thompson gullet, men no med verdsrekordsummen 8 798 poeng (omgjort til 8 847 poeng då 1985-tabellen kom).

I 1986 vann Thompson tikampen i samveldeleikane for tredje gong på rad, leikane fann stad i Edinburgh. Under europameisterskapen same året vann han enno ein gong framfor Jürgen Hingsen. Skadar sette Thompson tilbake, og han nådde sidan ikkje opp til nivået i 1980-86-perioden. Han la opp i 1992.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]