Daniel av Elton John

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Daniel
Singel av Elton John
frå albumet Don't Shoot Me I'm Only the Piano Player
B-side «Skyline Pigeon»
Utgjeve 26. mars 1973
Innspelt Juni 1972
Sjanger Poprock
Lengd 3:54
Selskap MCA (US/Canada)
DJM Records
Låtskrivar(ar) Elton John, Bernie Taupin
Produsent Gus Dudgeon
Elton John-kronologi
«Crocodile Rock»
(1972)
Daniel «Saturday Night's Alright for Fighting»
(1973)

«Daniel» var ein stor hitsong for Elton John. Han vart gjeven ut på albumet Don't Shoot Me I'm Only the Piano Player i 1973 og var skriven av John med tekst av Bernie Taupin. Songen nådde andreplassen i USA og gjekk til topps på adult contemporary-lista[1]. Det var den andre singelen hans som gjekk til topps på lista i Canada, etter «Crocodile Rock» tidlegare på året.[2] I Storbritannia nådde singelen femteplass[3] og i Noreg ein åttandeplass.

Songen[endre | endre wikiteksten]

Bernie Taupin skreiv «Daniel» medan han var inspirert av hendingar i Vietnamkrigen. Teksten skildrar ein fiktiv veteran som vart blind under krigen («your eyes have died»/«but you see more than I») og reiser til Spania får å kome seg bort frå dei rundt seg heime («do you still feel the pain»/«of the scars that won't heal?»), inkludert broren, som fortel soga i songen.[4]

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Liste (1973) Plassering
Canada[2] 1
Nederland[5] 14
Tyskland[6] 27
Irland[7] 4
Noreg[8] 8
Sveits[9] 5
Storbritannia[3] 4
US Billboard Hot 100[1] 2
US Billboard Easy Listening[1] 1

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Andre artistar som har spelt inn songen er Wilson Phillips, som nådde sjuandeplass på den amerikanske Adult Contemporary-lista i 1992 med songen, Bonnie 'Prince' Billy & Tortoise og Fuel.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]