Darfur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Darfur

Darfur er ein region i den vestre delen av Sudan. Namnet tyder heimen til furfolket. Regionen grensar mot Libya, Tsjad og Den sentralafrikanske republikk. Darfur har cirka 6 millionar innbyggarar. Den er delt i provinsane Shamal Darfur, Gharb Darfur og Janub Darfur. Dei to største byene er Nyala og Al Fasher.

Den nordlegaste delen av regionen er ein del av Saharaørkenen, medan den sørlege delen klimatisk høyrer til savannebeltet. Sentralt i Darfur finn vi eit høglandsområde. Det høgaste fjellet her er Jebel Marra. Dette er ein daud vulkan på ca. 3000 meter. Høglandsrområdet mottar relativt stabil med nedbør, noko som gjer det eigna for jordbruk. Randsonen mot ørkenen har tradisjonelt blitt utnytta av kamel- og sauenomadar, medan savannebeltet i sør er kjerneområdet for kvegdrift.

Folkegrupper og språk[endre | endre wikiteksten]

Darfur er ein språkleg og etnisk samansett region. Rundt 40 prosent av innbyggarane har arabisk som morsmål. Dei arabisktalande er dels etterkomarar etter grupper som opphavleg utvandra frå den arabiske halvøya, dels opphavlege afrikanske folkegrupper som har blitt arabisert. Arabisktalande grupper dominerer den sørlege og austlege delen av regionen, men det finst og ein minoritet av nomadiske arabisktalande grupper i nord og vest.

Furfolket er den største ikkje-arabiske folkegruppa i Darfur. Andre viktige ikkje-arabiske folkegrupper i Darfur er masalittene, zaghawaene, midobene og dajuene.