Daugavgrīva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Riga med Daugavgrīva avmerkt.

Daugavgrīva (tysk Dünamünde; polsk Dynemunt, russisk Усть-Двинск eller Ust`-Dvinsk) er eit nabolag nordvest i Riga i Latvia på venstrebreidda av Daugava. I dette nabolaget låg den svenske festninga som kontrollerte munningen til Daugava på venstrebreidda.

Festningsport i Daugavgrīva.

Festning[endre | endre wikiteksten]

På andre sida overfor Daugava, utanfor grensene til det noverande bydelen vart Daugavgrīva slott bygd i 1208 for å tene eit kloster som låg der. Den svenske festninga Dünamünde, teikna i nederlandsk stil av general Rothenburg i 1641, erstatta ruinane av Daugavgrīva slott i 1680.

Den svenske armeen bombarderer festninga i Dünamünde.

I 1695 var kommandanten kaptein Heinrich Nicolaus Rüdinger, forfaren til den framtidige patriark Aleksej II av Russland. Rüdinger vart slått til riddar av Karl XI av Sverige.[1] Joachim Cronman vart seinare kommandant og han døydde 5. mars 1703.[2]

Etter at festninga vart erobra av russarane, bygde dei festninga om. RegentAnna Leopoldovna av Russia, mannen hennar Anton Ulrik, og sonen hennar Ivan VI vart sperra inne i Dünamünde i 1742.

Dei russiske styresmaktene gav festninga namnet Ust-Dvinsk i 1893, og tillet berre russiske soldatar å bu der. Dei bygde om festningsverka før den første verdskrigen. Under krigen vart Ust-Dvinsk bombardert av Schütte-Lanz luftskip SL 7 frå den tyske armeen. Etter at festninga vart teken av Det tyske keisardømet, vart ho inspisert av keisar Vilhelm II i 1917. Dei latviske styresmaktene øydela det meste av festninga fleire år seinare. Under den kalde krigen var Ust-Dvinsk base for sovjetiske soldatar. Staden vert i dag kalla Daugavgrīva på latvisk. Det står eit fyr ved Daugavgrīva i dag, opphavleg bygd i 1818. Det vart bygd om i 1863, 1920 og etter den andre verdskrigen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Veedla, Aarne (04.02.2003) (på Estonian), Patriarhi suguvõsa saladused, ekspress.ee, http://www.ekspress.ee/2008/12/05/varia/5735-patriarhi-suguvosa-saladused, henta 6. desember 2010 
  2. Johan Gabriel Sparwenfeld (2002). J.G. Sparwenfeld's diary of a journey to Russia 1684-87. «Joakim Cronman (d. 1703), colonel with the garrison regiment of Narva 1679, colonel with the Savolaks and Nyslott provincial regiment 1683, commandant at Neumünde fortlet ...» 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Daugavgrīva

Koordinatar: 57° N 24° E