David Kaplan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

David Benjamin Kaplan (fødd 1933) er ein amerikansk filosof og logikar som føreles ved UCLA. Han er spesielt kjend for sitt arbeid med demonstrativar og indeksikalar, proposisjonar og referanse i opake (intensjonale) kontekstar.

Interesseområda hans innanfor filosofi strekkjer seg over filosofisk logikk, modallogikk, språkfilosofi, metafysikk og epistemologi.

Demonstrativar og indeksikalar[endre | endre wikiteksten]

Kaplan sitt syn på demonstrativar har hatt sterk innverknad på heile feltet. Han følgjer ein ikkje-Davidsonsk teori om meining; eit indeksikal-uttrykk har ei lingvistisk meining i tillegg til å ha eit innhald (er ein proposisjon). Lingvistiske uttrykk har innhald i kontekstar, der kvar kontekst har ein aktør, tid, stad og mogleg verd.

Karakter[endre | endre wikiteksten]

Karakter (character) hos Kaplan er ein funksjon frå kontekst til innhald. Karakteren til «eg» er altså ein funksjon som returnerer aktøren som uttalar ordet i konteksten. Karakter er parallelt med John Perry sin term rolle.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]