Dei fire årstidene
| Dei fire årstidene RV 269, Solokonsert av Antonio Vivaldi |
||
| Sjanger | Fiolinkonsert | |
|---|---|---|
| Periode | Barokken | |
| Komponert | 1723 | |
| Publiseringsdato | 1725 | |
| Typisk lengd | 40:45 | |
| Satsar | 12 | |
Le quattro stagioni (Dei fire årstidene) er ei samling av fire fiolinkonsertar av komponisten Antonio Vivaldi. Dei vart komponerte i 1723 og er det mest kjende verket til Vivaldi og av dei mest kjende frå heile barokkmusikken. Teksturen i kvart konsertstykke er variert, og kvar av dei representerer ei årstid. Til dømes har «Vinteren» mykje sølvaktige staccato-notar frå dei høge strengene, som gjev assosiasjonar til iskaldt regn, medan «Sommaren» gjev assosiasjonar til torevêr i den siste satsen, som ofte berre vert kalla «Stormen».
Konsertane vart først publiserte i 1725 som ein del av tolv solokonsertar, Op. 8, kalla Il cimento dell'armonia e dell'inventione (Konkurransen mellom Harmoni og Nyskaping). Dei første fire konsertane vart kalla Le quattro stagioni, og kvart av dei kalla opp etter ei årstid. Kvar av dei består av tre satsar, med ein langsam sats mellom to raskare. Då Vivaldi komponerte Dei fire årstidene hadde ikkje det moderne solokonsertformatet vorte definert enno (typisk eit soloinstrument i lag med eit orkester). Det originale arrangementet til Vivaldi med solofiolin i lag med ein strykekvartett og basso continuo var med på å definere denne forma.
Innhaldsliste |
[endre] Konsertstykke og satsar
- Konsert nr. 1 i E-dur, Op. 8, RV 269, «La primavera» (Våren)
- Konsert nr. 2 i G-moll, Op. 8, RV 315, «L'estate» (Sommaren)
- Konsert nr. 3 i F-dur, Op. 8, RV 293, «L'autunno» (Hausten)
- Konsert nr. 4 i F-moll, Op. 8, RV 297, «L'inverno» (Vinteren)
[endre] Sonnettar
Vivaldi skreiv fire sonnettar, som kunne lesast i samband med framføringa:
| Italiensk | Engelsk omsetjing |
|---|---|
| Primavera (Våren) | |
|
Giunt' è la Primavera e festosetti |
Springtime is upon us. |
| Estate (Sommaren) | |
|
Sotto dura Staggion dal Sole accesa |
Beneath the blazing sun's relentless heat |
| Autunno (hausten) | |
|
Celebra il Vilanel con balli e Canti |
The peasant celebrates with song and dance the harvest safely gathered in. |
| Inverno (Vinteren) | |
|
Aggiacciato tremar trà neri algenti |
Shivering, frozen mid the frosty snow in biting, stinging winds; |
[endre] Media
-
Vivaldi Våren sats 1: Allegro Frå Vivaldis Dei fire årstidene. John Harrison på fiolin Vivaldi Våren sats 2: Largo Frå Vivaldis Dei fire årstidene. John Harrison på fiolin Vivaldi Våren sats 3: Allegro Frå Vivaldis Dei fire årstidene. John Harrison på fiolin Vivaldi Sommaren sats 1: Allegro non molto Frå Vivaldis Dei fire årstidene. John Harrison på fiolin Vivaldi Sommaren sats 2: Adagio Frå Vivaldis Dei fire årstidene. John Harrison på fiolin Vivaldi Sommaren sats 3: Presto Frå Vivaldis Dei fire årstidene. John Harrison på fiolin Vivaldi Hausten sats 1: Allegro Frå Vivaldis Dei fire årstidene. John Harrison på fiolin Vivaldi Hausten sats 2: Adagio molto Frå Vivaldis Dei fire årstidene. John Harrison på fiolin Vivaldi Hausten sats 3: Allegro Frå Vivaldis Dei fire årstidene. John Harrison på fiolin Vivaldi Vinteren sats 1: Allegro non molto Frå Vivaldis Dei fire årstidene. John Harrison på fiolin Vivaldi Vinteren sats 2: Largo Frå Vivaldis Dei fire årstidene. John Harrison på fiolin Vivaldi Vinteren sats 3: Allegro Frå Vivaldis Dei fire årstidene. John Harrison på fiolin - Problem med å lytte til filene? Sjå multimediahjelp.
[endre] Bakgrunnsstoff
- The Four Seasons: Fritt tilgjengelege notar på International Music Score Library Project.
- Gratis notar av Dei fire årstidene av Antonio Vivaldi på Mutopia Project