Fiolinkonsert

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
David Oistrakh spelar ein fiolinkonsert

Fiolinkonsert (forkorting for konsert for fiolin og orkester) er ein solokonsert med fiolin som soloinstrumentet.

Sjangeren utvikla seg frå concerto grosso på byrjinga av 1700-talet og fekk eit heilt eige preg i wienerklassisismen.

Ein klassisk fiolinkonsert består tradisjonelt av tre satsar, hurtig-langsam-hurtig, der den første satsen plar å vere på sonatesatsform med to eksposisjonar - ein for solisten og ein for orkesteret og den siste er ein rondo. Ein klassisk konsert inneheld gjerne ein improvisert kadens for solisten sin bravuroppvisning. Seinare vart det vanleg å bruke utskrivne kadensar. Ein konsert frå seinare periodar kan òg ha friare form.

Fleire kjende komponistar skreiv verk i sjangeren, til dømes skreiv Antonio Vivaldi ei mengd fiolinkonsertar, med «Dei fire årstidene» som det mest kjente dømet. Mozart skreiv fem konserter, Beethoven, Brahms, Mendelssohn og Jean Sibelius skreiv ein kvar.

Utvald liste med fiolinkonsertar[endre | endre wikiteksten]

Konsertane her er av dei mest kjende i vestleg klassisk musikk.