Antonio Vivaldi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Antonio Vivaldi
Antonio Vivaldi.jpg
Koparstikk, F.M. de La Cave (1725)
Verkeleg namn Antonio Lucio Vivaldi
Alias Il Prete Rosso («den raude presten»)
Fødd 4. mars 1678, Venezia
Død 28. juli 1741 (63 år), Wien
Instrument fiolin
Periode Barokken
Sjanger Kammermusikk, solokonsert
Aktive år 1685 - 1741
Yrke Komponist og fiolinist
Signaturen til Vivaldi

Antonio Lucio Vivaldi (fødd 4. mars 1678 i Venezia, død 28. juli 1741 i Wien) var ein italiensk[1] komponist, fiolinist og katolsk prest.

I vår tid vert Vivaldi rekna som ein av dei viktigaste komponistane frå barokken, og som hovudskaparen av solokonserten, ein sjanger Arcangelo Corelli starta. I si eiga tid var Vivaldi ein av dei mest kjende fiolinvirtuosane i Italia.

Musikken til Vivaldi fekk stor påverknad over heile Europa, og Johann Sebastian Bach arrangerte og transkriberte meir musikk av Vivaldi enn av nokon annan komponist. Vivaldi var særleg aktiv innan opera og instrumentalmusikk, spesielt musikk for fiolin. Han skreiv mange konserter, sonatar, operaer, i tillegg til kyrkjemusikk, og var stolt av å kunne komponere ein konsert raskare enn nokre klarte å kopiere den etter han.[2]

Presteyrket og eit karakteristisk raudt hår gav han namnet il Prete rosso («den raude presten»). Som tilfellet var for mange komponistar på 1700-talet vart både musikken og namnet hans fort gløymt etter han døydde. Først etter at J.S. Bach var vorte gjenoppdaga på 1800-talet vart det ei viss interesse for Vivaldi blant musikkvitarar, men den verkeleg heideren kom på første halvdel av 1900-talet.

Mange av komposisjonane til Vivaldi er livsglade og leikne, og meint for det breie publikumet. Fiolinkonsertane «Dei fire årstidene» høyrer til blant dei mest populære komposisjonane i den klassiske musikken.

Vivaldi vert rekna som ein av dei komponistane som førte barokkmusikken inn i ei retning som seinare utvikla seg til den klassiske stilen.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Kyrkja Vivaldi vart døypt i: Chiesa di San Giovanni Battista in Bragora, Sestiere di Castello, Venezia.
Foto: Didier Descouens
Ospedale della Pietà i Venezia
Portrett (kanskje) av Vivaldi, måleri av François Morellon de La Cave (1723)

Oppvekst[endre | endre wikiteksten]

Far til Antonio Vivaldi (Giovanni Battista Vivaldi, 1655–1736) kom ti år gammal frå Brescia til Venezia. Som sin far igjen var han barberar, men vart seinare yrkesmusikar. I 1676 gifta han seg med skreddardottera Camilla Calicchio. Antonio var den førstefødde av dei ni borna til paret, og den einaste som vart yrkesmusikar. Han skal ha kome til verda under eit jordskjelv og vart døypt i all hast, anten på grunn av jordskjelvet eller fordi dei seinare helseplagene hans var tydlege alt ved fødselen. Faren Giovanni hadde eit godt ry som musikar, og vart i ein av reisehandbøkene på denne tida nemnt som ein fiolinvirtuos verd å høyre. Han vart tilsett som fiolinist i Markuskyrkja og hadde som medlem av musikarforeininga Sovvegno dei musicisti di Santa Cecilia ei mengd verv innanfor venetianske musikklivet

Antonio viste tidleg at han var dyktig på fiolin og skal alt i ung alder ha vikariert for far sin i orkesteret. Giovanni Legrenzi vert oppgjeve til å ha gjeve Antonio undervisning i musikkteori. Men då Legrenzi døydde var Vivaldi berre tolv år, så dette vert rekna som tvilsamt, sjølv om han i berre tretten år gammal skreiv verk påverka av stilen til Legrenzi. Faren kan ha vore komponist sjølv: operaen La Fedeltà sfortunata (1688) var komponert av ein Giovanni Battista Rossi, det same namnet Vivaldis far var oppført under i Sovvegno di Santa Cecilia. Namnet Rossi (raud) bar han på grunn av hårfargen.

Vivaldi hadde eit medisinsk problem som han sjølv omtalte som tettleik i brystet, truleg ei form for astma. Dette hindra han ikkje i å lære å spele fiolin, komponere eller delta i ulike musikkaktivitetar, men blåseinstrument kunne han ikkje spille. 15 år gammal, i 1693, byrja han å studere til prest i den katolske kyrkja. Ordinasjonen skjedde då han var 25 år, og han fekk snart det kjente tilnamnet il Prete Rosso («den raude presten»), truleg fordi han som faren var raudhåra. Mange venetianere kjente han berre under dette namnet.[3]

Ved Conservatorio dell'Ospedale della Pietà[endre | endre wikiteksten]

Etter ordinasjonen vart han kapellan ved kyrkja Sta. Maria della Pietà, og på oppdrag av Francesco Gasparini fiolinlærer ved den tilknytt barneheimen Ospedale della Pietà, for foreldrelause og attlatne jenter. Dette var ein av fire slike institusjonar finansiert av Republikken Venezia. Foreldrelause gutar lærte eit handverk, medan jentene fekk musikalsk opplæring. Dei mest talentfulle vart igjen som medlemmer av det respekterte koret og orkesteret til Ospedale.

I eit og eit halvt år heldt Vivaldi messer her, men i 1704 vart han friteken frå denne oppgåva. Han helst prestetittelen, men det ser ikkje ut til at han var i aktiv presteteneste seinare. I eit vesentleg seinare brev gjev Vivaldi strettezza di petto, dvs tettleik i brystet, som årsak til at han slutta i prestetenesta. Meir nærliggande er det nok at det skuldast personlege årsaker, problem med leiinga, at musikaryrket gav lite tid til overs og at han ikkje lengre var avhengig av inntektene frå arbeidet som prest.

Det framgår av bøkene til Ospedale della Pietà at han etter kort tid underviste i cello og viola d'amore i tillegg til fiolin. Ifølge ein anekdote spelte han òg cembalo.

Orkesteret til Ospedale oppnådde snart ein legendestatus som lokka talrike reisande til byen. Framføringane skjedde under gudstenestene. Den største delen av dei mange fiolinkonsertane og sonatane til Vivaldi skreiv han for Ospedale. Av desse vart 30 fiolinkonsertar skriven for hans dyktigaste elev og seinare kollega ved Ospedale, Anna da Violin.

Forholdet til leiinga i Ospedale var ofte spent. Lærarane var tilsett for eit år av gangen, og styret stemte kvart år over om dei skulle halde ein lærar. Vivaldi vart sjeldan einstemmig valt, og i 1709 mista han jobben etter 7 mot 6 stemmer. Han var då frilansmusikar eit år, men vart einstemmig valt inn igjen i 1711, så styret forstod nok etterkvart kor viktig han var. I 1713 vart han ansvarleg for dei musikalske aktivitetane ved institusjonen, og i 1716 forfremma til maestro di' concerti.

Etter at han fekk trykt to sonatesamlingar, 12 triosonatar op.1 og 12 fiolinsonatar op.2 (Venezia hhv. 1705 og 1709), vann Vivaldi europeisk ry med konsertsamlinga L'Estro Armonico (omtrentleg «den harmoniske inspirasjonen») op. 3 (Amsterdam 1711). Denne dundrande suksessen følgde han i 1714 opp med La stravaganza (forsøksvis «Det ekstraordinære»[4]) op 4, ei samling konsertar for solo fiolin og strykarorkester. Fram til 1729 gav han ut til saman 12 samlingar, mellom dei dei tolv solokonsertane op 8 (1725) Il cimento dell'armonia e dell'inventione (ca «konkurransen mellom harmoni og oppfinnsamheit») der dei fire første konsertane er Le Quattro Stagioni («dei fire årstidene»).

I «Dei fire årstidene» framstiller Vivaldi naturscenar ved hjelp av instrumentalmusikk. Her høyrer vi kvitrande fuglar av ulike artar, bjeffande hundar, summande myggar, gråtande gjetarar, stormar, brannar, fulle dansarar, stille netter, jegerar, byttedyr, klukkande bekker, frosne landskap og born som går på skøyter. Vivaldi forfatta sjølv ein skildrande sonette til kvar av konsertane.

Operaimpresario[endre | endre wikiteksten]

Vivaldi byrja å komponere operaer alt medan han var tilsett i Ospedale, og fram til 1739 komponerte han over 50 operaer. Den første var Ottone in villa som vart uroppført i Vicenza i 1713. Året etter tok Vivaldi spranget over til operascenen i Venezia og vart impresario ved det venetianske operahuset San Angelo.

Omslagsside av Il teatro alla moda

I høve sigeren til venetianarane mot tyrkarane i august 1716 komponerte Vivaldi det patriotiske oratoriet Juditha triumphans med stoff frå Judits bok. Oratoriet vart oppført på Ospedale der alle dei elleve songarane var jenter frå Pietà, dei song òg dei mannlege karakterane. Mange av ariane inneheldt parti for soloinstrument, som blokkfløyte, obo, klarinett, viola d'amore og mandolin, og viser kva for ei breidde det var på talenta til jentene.

Same år, 1716, skreiv og produserte Vivaldi òg to operaer, L'incoronazione di Dario (RV 719) og La costanza trionfante degli amori e degli odi (RV 706). Den siste vart så populær at han vart utgjeve på ny to år seinare med tittelen Artabano re dei Parti (RV 701, tapt) og vart tilslutt oppført i Praha i 1732. Dei følgjande åra skreiv Vivaldi fleire operaer som vart oppført over heile Italia.

Den moderne moderne operastilen til Vivaldi skapte han ein del problem med meir konservative musikarar. Til dømes skreiv amatørmusikaren Benedetto Marcello ein pamflett med tittelen Il teatro alla moda som gjekk til åtak Vivaldi og den moderne operastilen. Marcellofamilien var Sant'Angelo-dei rettmessige eigarane til teatret og hadde kjempa ein lang og forgjeves rettsleg kamp for å få kontroll over det igjen. Pamfletten gjekk til åtak Vivaldi utan å nemne han direkte, men omslaget viser båten Sant'Angelo med ein fiolinspelande engel iført prestehatt ombord (til venstre i båten). Den obskure teksten under biletet nemner ikkje-eksisterande stader og namn, og ikkje minst ALDIVIVA som er eit anagram over A.Vivaldi.

Reiseår[endre | endre wikiteksten]

Etter stridane i Venezia aksepterte Vivaldi eit tilbod om ein prestisjefylt post hos greve Philipp von Hessen-Darmstadt i Mantova. Her var han i tre år frå 1718 og skreiv fleire operaer, mellom anna Tito Manlio (RV 738). I 1721 reiste han til Milano for å presentere det pastoralen dramaet La Silvia (RV 734, tapt). Året etter var han tilbake med oratoriet L'adorazione delli tre re magi al bambino Gesù (RV 645, òg tapt).

Frå 1721 oppheldt han seg fleire gonger i Roma, spelte to gonger for pave Benedikt XIII og fekk mange bestillingar på operaer og kyrkjemusikk. I 1726 vende han tilbake til Venezia som musikalsk leiar ved Teatro S. Angelo. Der vart han ei levande legende som fiolinvirtuos og eit valfartsmål for mange musikarar frå heile Europa. På denne tida lærde han den franske songarinna Anna Girò å kjenne. Girò, som den gong var 16 år, vart eleven hans, protegé og føretrekte prima donna. Anna og halvsøstera Paolina følgde Vivaldi på mange reiser, og det vart sjølvsagt spekulert mykje rundt dette tilhøvet. Ein fann likevel aldri bevis for anna enn venskap og profesjonelt samarbeid. Mellom 1729 og 1733 vitja Vivaldi talrike norditaliensk byar (Verona, Ancona, Reggio og Ferrara). Han var truleg òg i Praha der han fekk uroppført to operaer.

Siste år og død[endre | endre wikiteksten]

Rundt 1730 skjedde det ei stilendring i musikklivet, barokkmusikken vart etterkvart sett på som gammaldags og den galante stilen kom på moten. Det venetianske publikummet svikta Vivaldi, og det er ein sannsynleg grunn til at han i dei seine åra sine reiste rundt og promoterte musikken sin i Nord-Italia. I 1740 reiste han til Wien, truleg i von om å tene hos Karl VI av Det tysk-romerske riket som var ein stor beundrar av musikken til Vivaldi. Keisaren døydde likevel i oktober same år, og helsa til Vivaldi var på dette tidspunktet så dårleg at han døydde 28. juli 1741, ti månader etter han kom til byen. Han som ein gong var den mest kjende musikaren i Europa døydde einsam og fattig, og vart lagt i ei enkel grav ved Stefansdomen der den unge Joseph Haydn på det tidspunktet var korgut. Både samtidige skildringar og nyare forsking støttar tanken om at Vivaldi døydde som ein fattiglem.[5] Han er gravlagd ved Karlskirche i Wien der hovudbygget til Technische Universität ligg. Huset han budde i medan han var i Wien er rive - det låg der det kjende Hotel Sacher seinare vart oppført. Minneplakettar er sett opp på begge stadane.

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Karikatur, P.L.Ghezzi (1723)

I over 240 av dei nestan 500 konsertane til Vivaldi er fiolin hovudinstrumentet. Deretter følgjer 39 fagottkonsertar på andreplass, konsertar for ulike treblåseinstrument, nokre konsertar for cello og nokre få for viola d'amore og mandolin. Rundt 70 konsertar er skrive for to eller fleire solistar og nokre for heilt spesielle instrumentkombinasjonar.

Vivaldi bana vegen for at solokonserten og tresatsige verk fekk gjennombrotet sitt i barokkmusikken. Han introduserte ritornell-forma (tilbakevendande, refrengaktige motiv) i dei hurtige yttersatsane der orkestret gjentek ein passasje fleire gonger og vekslar med solistane som spelar dei same motiva fritt og episodisk, og med modulerande passasjar. I den langsame midtsatsen spelar solisten songbare parti (kantilene).

Dei rundt 55 ripieno-konsertane hans (dvs utan solistar) og ca 21 kammerkonsertar (for solistar utan orkester) viser ein ganske heftig eksperimentering med konsertforma. Vivaldi hevda sjølv å ha komponert 94 operaer, men til no er det berre identifisert 49. Av desse er ca 20 heilt eller delvis bevart. Alle av operaene til Vivaldi er ei tidleg form for dramma per musica.

Johann Georg Pisendel formidla teknikkane til Vivaldi ved hoffet i Dresden, og studium og transkripsjon av ei rekkje av konsertane til Vivaldi kan ha vore ein kritiske faktor til å hjelpe den hovudsakleg sjølvlærte Bach til å forstå korleis «Ordnung», «Zusammenhang» og «Verhältnis» kunne skapast i musikken.Wolff: Johann Sebastian Bach - The Learned Musician s.169ff

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Musikken til Vivaldi var gammaldags då han døydde, og sjølv dei publiserte konsertane hans vart stort sett gløymde. Òg etter at interessa for Bach byrja å stige, vart Vivaldi ignorert. På 1930 og 1940-talet byrja den franske musikkforskaren Marc Pincherle og andre samlarar å kjøpe bunkevis av manuskript som hadde lege nedstøva på slott og i kloster i over 200 år, og etterkvart som ein vart klar over omfanget av og kvaliteten i musikken til Vivaldi vakna interessa. Tidlegmusikkrørsla førde berre til enno meir merksemd, og no er Vivaldi kanskje den klassiske komponisten som appellerer til det breiaste publikummet.

Verkregister[endre | endre wikiteksten]

Dei første som freista å katalogisere Vivaldis verk var Mario Rinaldi (RN eller Op.) og Giovatno Ricordi (RC eller PR). Seinare gjorde Pincherle (P, PS eller PV) eit meir fullstendig forsøk som viste seg å ha alvorlege luker etterkvart som det dukka opp fleire komposisjonar. Eit verkregister av Antonio Fanna (F) er framleis i bruk.

Den dansken musikkvitskapsmannen Peter Ryom (fødd 1937) offentleggjorde i 1973 eit oppdatert verkregister (RV), og det er denne som no vanlegvis vert brukt.

Verka nedanfor vart publisert alt medan Vivaldi levde, dei fleste i Amsterdam. Ein kan gå ut frå at dei fleste av desse vart skrive opp mot ti år før dei vart publisert.

Førsteutgåva av Juditha triumphans, Det første store oratoriet til Vivaldi.
  • Op. 1: 12 Triosonatar da camera for 2 fiolinar og generalbass (1705)
  • Op. 2: 12 Sonatar for fiolin og generalbass (1709)
  • Op. 3: 12 Fiolinkonsertar L'estro armonico (for 1–4 solofiolinar og orkester) (1711)
  • Op. 4: 12 Fiolinkonsertar La Stravaganza (1712)
  • Op. 5: 6 Sonatar for 1 eller 2 fiolinar (1716)
  • Op. 6: 6 Fiolinkonsertar (1716)
  • Op. 7: 12 Fiolin- og obokonsertar (1717)
  • Op. 8: 12 Fiolinkonsertar Il cimento dell'armonia e dell'inventione (1725; mellom dei: «Dei fire årstidene»)
  • Op. 9: 12 Fiolinkonsertar La Cetra (1727)
  • Op. 10: 6 Fløytekonserter (1728)
  • Op. 11: 6 Fiolin- og obokonserter (1729)
  • Op. 12: 6 Fiolinkonsertar (1729)
  • Op. 13: 6 Sonatar for fløyte og generalbass Il Pastor Fido (1729)Usikker, kanskje av den franske komponisten Nicolas Chédeville. Det var ikkje uvanleg å utgje musikk under namna til ein populær komponist i von om å auke salet.
  • L'Olimpiade (1734), Opera i tre aktar, Libretto av Pietro Metastasio
  • Op. 14: 12 Sonatar for cello og generalbass (1737)

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. For å gjere det enkelt vert Vivaldi ofte kalla italiensk, men Republikken Venezia var på tida til Vivaldi ein sjøvlstendig stat. Italia vart ikkje samla før i 1861
  2. «Je l’ai ouï se faire fort de composer un concerto, avec toutes ses parties, plus promptement qu’un copiste ne le pourrait copier.», gjeve att etter Charles de Brosses i hans brev 29. august 1739 til M. de Blancey, ein av Lettres familières écrites d’Italie en 1739 et 1740.
  3. Etter Goldoni (Mémoires) : R. de Candé, op.cit. side 37
  4. For ein utførleg forklaring av namnet og konsertane sjå Christopher Hogwood. VIVALDI "La Stravaganza". Vitja 19. juli 2010.
  5. Musikkvitaren H.C. Robbins Landon støtter denne tanken og siterer rapporten om dødsfallet til Vivaldi i Commemorali Gradenigo der det vert skrive at Vivaldi tente over 50 000 dukatar i livet sitt, men at han sløste bort alt på ein uansvarleg livsførsel: «Abbe Lord Antonio Vivaldi, incomparable virtuoso of the violin, known as the Red Priest, much esteemed for his compositions and concertos, who earned more than 50,000 ducats in his life, but his disorderly prodigality caused him to die a pauper in Vienna», Landon, Vivaldi: Voice of the Baroque Thames and Hudson 1993, s.166

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Antonio Vivaldi
Online-partitur