Det arabiske riket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Det arabiske riket var eit viktig rike i tidleg mellomalder. Riket blei grunnlagt kring forkynninga og erobringane til profeten Muhammed og slektningane hans, og blei deretter styrt av fleire dynasti. Riket var nært knytt saman med den religiøse makta og embetet til kalifen. På sitt største omfatta riket område heilt frå Indus over det nordlege Afrika til dagens Spania.

Etter Muhammed blei riket styrt av dei fire første kalifane, det såkalla Rashidun-kalifatet. Abu Bakr, Omar, Othman og Ali var kalifar frå 632 til 661.

Etter at Muawiyah ibn Abi Sufyan hadde kjempa mot svigersonen til profeten Ali, overtok han stillinga som kalif. Han grunnla Omajadedynastiet, som styrte frå Damaskus. Etterfølgjaren hans Walid erobra land heilt til Spania i vest og Indus i aust. Men forholda viste seg etterkvart å vera ustabile, og kalif Hisham måtte hanskast med usemjer i riket.

I 750 kom abbasidane til makta, som førte ætta si tilbake til onkelen til profeten Abbas ibn Abd al-Muttalib. Den andre abbasidekalifen gjorde Bagdad til hovudstad. Styret under abbasidane i Bagdad blir rekna som ein stordomstid for riket. Den kanskje mest kjente av kalifane i dette dynastiet var Harun al-Rashid. På 800-talet blei residensen flytta til Samarra. Kalif Muttawakkil bygde den store moskeen i Samarra. Han innførte òg eit styre der jødar og kristne måtte gå med spesielle klede. Han blei til sist drepen av ein av sønene sine.

Arabarane var i mindretal i riket sitt, men dei erobra folka hadde stor fridom. Arabarane la vekt på lærdom og vitskap, og var opptatt av bokskriving.

Splittinga av riket tok til då det blei oppretta konkurrerande kalifat i nordvestlege Afrika, Spania og Egypt. På 900-talet mista kalifen meir og meir av makta si, og ulike sultanar kom fram i staden. I staden for eitt kalifat fanst det fleire ulike, der dei viktigaste var i Córdoba, Kairo og Bagdad.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.