Deir al-Ghusun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Deir al-Ghusun
دير الغصون, Deir al-Ghusoun, Dayr al-Ghusoun
kommune
Namneopphav: Kvistekosteret[1]
Land  Dei palestinske territoria
Guvernement Tulkarm guvernement
Koordinatar 32°21′11.15″N 35°04′37.08″E / 32.3530972°N 35.0769667°E / 32.3530972; 35.0769667
Areal 13,1 km²
Folketal 8 242  (2007)
Folketettleik 629 / km²
Bystatus 1997
Borgarmeister Nasuh Badran
Kart
Deir al-Ghusun
32°21′11″N 35°04′37″E / 32.353097222222°N 35.076966666667°E / 32.353097222222; 35.076966666667
Wikimedia Commons: Deir al-Ghusun
Nettstad: www.deiralghusoon.com

Deir al-Ghusun (arabisk دير الغصون) er ein palestinsk by i Tulkarm guvernement, åtte kilometer nordaust for byen Tulkarm nord på Vestbreidda. Byen ligg nær Den grøne linja (grensa mellom Israel og Vestbreidda). Byen hadde eit folketal på 8 242 i 2007.[2] Han ligg 200 meter over havet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Deir el-Ghusun kan ha vore landsbyen som er markert som «El Dair» på kartet til Pierre Jacotin under invasjonen til Napoleon i 1799.[3] På midten av 1800-talet vart han kjend for bomullsproduksjonen.[4]

I 1863, seint i den osmanske perioden, vitja den franske oppdagaren Victor Guérin landsbyen og skriv at han låg sør for Attil. Han skildra han som ein stor landsby på ei høgd.[5] I 1882 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine han som «ein landsby av moderate storleik, på ei høgd, med ein brunn i vest. I nord ligg eit ope, lågt lende. Han er omgjeve av flotte olivenlundar, som dekkjer området kring ein kilometer mot sør.»[6]

Under den arabisk-israelske krigen i 1948, vart 14 000 mål teken av Israel. I dag er det totale arealet kring 13 000 mål der 2 268 er utbygd område.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Palmer, 1881, s. 181
  2. 2007 PCBS census. Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS). s. 107.
  3. Y. Karmon (1960). «An Analysis of Jacotin's Map of Palestine». Israel Exploration Journal 10 (3): 155–173. 
  4. Beshara Doumani (1995). Rediscovering Palestina: Merchants and Peasants in Jabal Nablus. Berkeley: University of California Press. 
  5. Guérin. 1875, s. 345
  6. Conder og Kitchener, 1882, s. 152
  7. Closing of all the local agricultural roads in Deir Al Ghusun town Arkivert 2011-05-19 ved Wayback Machine. Applied Research Institute-Jerusalem (ARIJ) and Land Research Sentral (LRC).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]