Den Kongelige Mynt
Den Kongelige Mynt eller Mynten vart skipa i 1686 som ein del av Kongsberg Sølvverk. Verket nytta sølvet frå gruvene til å produsere mynt. Opphavleg vart det styrt frå København som eit av selskapa til Kongen. Seinare vart det leia av Finansdepartementet før det i 1962 blei overført til Noregs Bank.
Den første myntproduksjonsverkstaden i Noreg vart skipa av Kristian IV i Christiania i 1628. Verksemda vart skipa for å lage mynt av sølv frå gruvene i Kongsberg som blei funne i 1623. Dei første åra før 1628 vart sølvet sendt til Danmark for utmynting, men ein fann at det var enklare å leggja produksjonen til Noreg. I 1686 flytta verksemda til Kongsberg.
I 1806 vart det lagt ned og alt utstyret selt eller sendt til myntverket i København og lokala selde. Men det starta att på same plassen i 1808.
I 2001 blei Den Kongelige Mynt skilt ut som eige aksjeselskap heileigd av Noregs Bank. 30. juni 2003 vart selskapet seld til eit privat aksjeselskap for 44 millionar kroner.
Bygningane[endre | endre wikiteksten]
Den Kongelige Mynt er samansett av fleire bygningar; smia, myntverksbygningen og myntmeisterbustaden. Dei ligg samla på vestsida av Numedalslågen i Kongsberg og har adresse Hyttegata 3. Mynten vart freda av Riksantikvaren i 2004.
Norsk Bergverksmuseum held til i lokala.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Den kongelige mynt på Kongsberg fredet frå Riksantikvaren
- Salget av Den Kongelige Mynt Arkivert 2013-06-28 ved Wayback Machine., Noregs Bank 19. juni 2003
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Den Kongelige Mynt i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren