Riksantikvaren
Riksantikvaren – direktoratet for kulturminneforvaltning er ein norsk statleg etat som har ansvaret for vernet av kulturminne på nasjonalt plan.
Riksantikvaren er underlagt Miljøverndepartementet og er den rådgjevande og utøvande faginstansen for forvalting av kulturminne og kulturmiljø. Etaten skal sikre kulturminne og -miljø, jobbe for at omsyn til desse vert teke med i planlegginga og føre over kunnskap og skape tilslutnad om verdien av kulturminne og -miljø. Riksantikvaren er organisert i fem avdelingar, landskaps-, bygnings-, informasjons- og teknisk avdeling og administrasjon. Etaten gir ut i ei rekkje skriftseriar.
Riksantikvaren vart skipa i 1912 som offentleg embete etter initiativ av Foreningen til norske Fortidsminnesmerkers Bevaring for å ha oppsyn med ivaretakinga og restaureringa av kunstnerisk og historisk verdifulle gamle bygningar og saker og ikkje var underlagt museum. Då Harry Fett leidde etaten vart han bygd ut til eit vidfemnande institutt fir vern og forsking. Frå 1973 vart Riksantikvaren underlagt Miljøverndepartementet, og fekk eige direktorat frå 1988.
Liste over riksantikvarar [endre]
- 1912–1913 Herman Major Schirmer
- 1913–1946 Harry Fett
- 1946–1958 Arne Nygård-Nilssen
- 1958–1977 Roar Hauglid
- 1978–1991 Stephan Tschudi-Madsen
- 1991–1997 Øivind Lunde
- 1997–2009 Nils Marstein
- 2009– Jørn Holme