Den Nationale Scene
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den Nationale Scene er ein teaterinstitusjon i Bergen med røter attende til midten av 1800-talet, då Ole Bull sette opp teaterframsyningar i Det norske Theater. Frå 1852 til 1857 var Henrik Ibsen ved teatret i Bergen.
I 1876 vart Den Nationale Scene stifta. Teatret sette opp framsyningane i det same teaterhuset som Det norske Theater spela i.
Den noverande teaterbygget, teikna av Einar Oscar Schou, opna den 19. februar 1909 med framsyninga Erasmus Montanus av Ludvig Holberg.
Utanfor teatret er det mellom anna reist statue av forfattarane Nordahl Grieg og Bjørnstjerne Bjørnson.
[endre] Teatersjefar
- 1890–1895 Johan Irgens-Hansen
- 1895–1898 Olaf Hanson
- 1899–1900 Hans Aanrud
- 1900–1905 Gustav Thomassen
- 1905–1907 Anton Heiberg
- 1908–1909 Olaf Mørch Hansson
- 1910–1924 Ludvigh Bergh
- 1924–1925 Christian Sandal
- 1925–1931 Thomas Thomassen
- 1931–1934 Karl Bergmann
- 1934–1939 Hans Jacob Nilsen
- 1939–1946 Egil Hjorth-Jenssen
- 1946–1948 Stein Bugge
- 1948–1952 Georg Løkkeberg
- 1952–1961 Per Schwab
- 1961–1963 Bjarne Andersen
- 1963–1967 Gisle Straume
- 1967–1976 Knut Thomassen
- 1976–1982 Sven Henning
- 1982–1986 Kjetil Bang-Hansen
- 1986–1996 Tom Remlov
- 1996–1997 Ketil Egge
- 1997 Aksel-Otto Bull
- 1998 Lars Arrhed
- 1998–2001 Bentein Baardson
- 2001–2007 Morten Borgersen
- 2008– Bjarte Hjelmeland