Den anglo-nederlandske traktaten av 1814

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

London-konvensjonen, eller Den anglo-nederlandske traktaten av 1814, var ein traktat mellom Storbritannia og Nederland som blei underskriven i London 13. august 1814 ved slutten av Napoleonskrigane.

Avtalen tilbakeførte dei nederlandske koloniane slik dei hadde vore 1. januar 1803, før krigsutbrotet, til Nederland. Unntak frå dette var Kapp det gode håp og dei søramerikanske koloniane Demerara, Essequibo og Berbice, som seinare blei slått saman til Britisk Guiana. Nederlendarane fortsette å ha handelsrettar her. Nederland gav også avkall på Cochin (Kochi)[1] og tilhøyrane område ved Malabarkysten av India i bytte mot Banca (Bangka) utanfor Sumatra og Bernagore (Baranagar) nær Calcutta mot ei årleg avgift. Britane hadde teke kontroll over Ceylon (Sri Lanka) i 1796, og heldt derfor på denne kolonien.[2]

Kvar side blei einige om å bruk 2 millionar pund på å betra forsvara til Nederlanda, med vidare moglege betalingar på opptil 3 millionar pund.

Ei nederlandsk erklæring frå 15. juni 1814 som sa at slaveskip ikkje lenger var velkomne i britiske hamner blei også nemnd i avtalen, vidare at nederlendarar ikkje skulle driva med slavehandel.

Avtalen blei underskriven av Robert Stewart, Lord Castlereagh, for Storbritannia og Hendrik Fagel for Nederland. Usemje grunna avtalen førte til nye forhandlingar og den anglo-nederlandske traktaten av 1824.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kochi-The Small Lagoon (Students’ Academy), s. 22.
  2. James Stuart Olson, Robert Shadle: Historical Dictionary of the British Empire, Volume 2 (Greenwood Publishing Group, 1996), s. 1131.