Kapp det gode håp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 34°21′29″S 18°28′19″E

Kapp det gode håp
Kartutsnitt

Kapp det gode håp eller Godvonodden (engelsk Cape of Good Hope, afrikaans Kaap die Goeie Hoop) er ein sørvestpeikande odde nær sørspissen av Kapplandet, lengst sør i Sør-Afrika. Kapp det gode håp er ikkje sørspissen av Afrika, den ligg noko lenger aust, ved Kapp Agulhas.

Å runde Kapp det gode håp var ein viktig milepåle for sjøfarande i gammal tid. Når denne odden var runda, hadde dei sjøfarande godt håp om å nå fram til India. Kapp det gode håp er difor ein av dei mest kjende oddane i Afrika.

Den første europear som runda odden, var sjøfararen Bartolomeu Dias i 1488. Dias kalla odden «Stormodden», (Cabo das Tormentas). Kong João II av Portugal skal sidan ha gitt odden namnet Cabo da Boa Esperança, «Godt-håp-odden» eller «Godvonodden»/«Kapp det gode håp», som odden har blitt heitande på norsk.

Den nederlandske handelsreisande Jan van Riebeeck grunnla 6. april 1652 Cape Town like nord for Kapp det gode håp, som ei bunkringshamn for Det nederlandske austindiakompaniet. Etter at Nederland blei okkupert av Frankrike i 1795, under Napoleonskrigane, invaderte Storbritannia Kapp-området. Britane gav avkall på Kapp det gode håp i 1803 for så å invadera det att i 1806. Ved Den anglo-nederlandske traktaten av 1814 fekk Storbritannia formelt kontroll over området, som blei styrt som Kapp-kolonien. Det blei del av eit sjølvstendig Sør-Afrika i 1910.

Soga om Den flygande hollendar er elles knytt til odden.