Den britiske militærmedaljen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Militærmedaljen

Militærmedaljen (eng. Military Medal) var ei britisk militær utmerking som vart tildelt til meinig personell for vågemot i strid. Innehavarar kunne leggje til MM etter namnet sitt.

Militærmedaljen vart innstifta 25. mars 1916 og sjølv om han hadde same funksjon som offiserane sin Militærkross vart han rangert lågare. Etter 1993 - då det vart vedteke at Militærkrossen kunne tildelast personell frå alle våpengreiner - vart Militærmedaljen teken ut av bruk.

Av norske innehavarar er å nemne Gregers Gram, Claus Helberg og Knut Haugland.