Gregers Gram

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gregers Gram - foto frå Våre falne

Gregers Winther Wulfsberg Gram (15. desember 191713. november 1944) var ein norsk motstandsmann under andre verdskrigen.

Han vart fødd på Aker og voks opp på Heggeli i Kristiania (no Oslo); han var son av byfogd Harald Gram og Ingrid Meyer. Farfaren hans - med same namn - var jurist og Høgre-politikar. Gram tok eksamen artium i 1937 og byrja å studere jus ved Universitetet i Oslo i 1940, då tyskarane gjorde åtak på Noreg.

Gram tok del i kampane i Noreg våren 1940 i Hamar-området - her vart han mellom anna teken til fange to gonger. Sidan gjekk han inn i motstandsarbeidet, men allereie i 1941 måtte han flykte til Sverige. Han reiste til Storbritannia gjennom Sovjetunionen og var på sovjetisk territorium då tyskarane gjekk til åtak på landet.

Kompani Linge[endre | endre wikiteksten]

I Storbritannia kom han etter kvart inn i Norwegian Independent Company No 1 (òg kjend som Kompani Linge). Han fekk mellom anna trening i propagandaverksemd. Han vart utnemnt til korporal etter endt trening i Skottland. Saman med Max Manus vart han sleppt i fallskjerm over Østmarka i Oslo mars 1943. Heime i Noreg tok han del i Operasjon Mardonius - aksjonen mot tyske skip i Oslofjorden. Sabotasjeaksjonen fann stad natt til 27. april 1943. Forutan Gram og Manus deltok Halvor Haddeland, Einar Riis-Johansen og Sigurd Jacobsen (som seinare vart avretta på Akershus festning). For aksjonen - der mellom anna dei tyske skipa «Ortelsburg» og «Tugela» vart senka - vart Gregers Gram og Max Manus påskjønna med Krigskrossen med sverd. Gram tok òg del i Operasjon Bundle seinare same året, men denne aksjonen vart mislukka.

Oslogjengen, 1944[endre | endre wikiteksten]

I 1944 vart Gram tilknytt Oslogjengen som var under leiing av Gunnar Sønsteby. Her tok han del i ei rekkje sabotasjeaksjonar, til dømes aksjonen mot Arbeidsmobiliseringa og sprenginga av Norsk Vacuum Oils lager på Sørenga. Han starta òg Operasjon Derby som skulle spreia svart propaganda blant tyskarar i Noreg. Han dreiv på med aksjonen i Oslo, saman med Max Manus. Gjennom dette arbeidet fekk Gram kontakt med nokre tyskarar som ynskja å dessertere. Desse tyskarane avtala å møte Gregers Gram og Edvard Tallaksen. Dette møtet skulle finne stad på Plasskafeen på Olaf Ryes plass i Oslo, den 13. november 1944. Dessverre viste det seg at «dessertørane» var provokatørar, heile møtet vart iscenesett frå Victoria Terrasse. Det heile enda med skotveksling. Gram vart skoten i halsen og døydde på staden. Tallaksen vart hardt skadd og vart frakta til sjukehus. Han tok sitt eige liv i cella si på Akershus festning 29. november 1944, for ikkje å røpe kameratane sine.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Gregers Gram vart gravlagt på Vestre Gravlund i Oslo. Gregers Grams vei på Ullernåsen er oppkalla etter han og ein byste av han - som vart avduka av Max Manus 13. november 1995 (50 år etter at Gram døydde) - står utanfor Njårdhallen i Oslo. I filmen Max Manus frå 2008 vart Gram spelt av Nicolai Cleve Broch.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

For innsatsen sin under krigen vart Gram påskjønna med følgjande utmerkingar:

Land Orden, medalje Merknad
Flag of Norway.svg Noreg Krigskrossen med sverd (1943), post mortem med to sverd i 1947
Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia Militærkrossen «Military Cross»
Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia Militærmedaljen «Military Medal»

Litteratur[endre | endre wikiteksten]