Den faste domstolen for mellomfolkeleg rettspleie
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fredspalasset i Haag der Den faste domstolen for mellomfolkeleg rettspleie hadde sete.
Den faste domstolen for mellomfolkeleg rettspleie (fransk: Cour permanente de justice internationale) var ein internasjonal domstol oppretta av Folkeforbundet. Den var i verksemd frå 1921 til 1940. Domstolen handsama 29 saker mellom statar og 27 rådgjevande fråsegner.
Domstolen blei i 1946 erstatta av Den internasjonale domstolen i samband med opprettinga av SN.
[endre] Domstolen sine leiarar
| Namn | Land | Periode | |
|---|---|---|---|
| Bernard C.J. Loder | Nederland | 1921–1924 | |
| Hans Max Huber | Sveits | 1925–1927 | |
| Dionisio Anzilotti | Italia | 1928–1930 | |
| Mineitciro Adatci | Japan | 1931–1934 | |
| Sir Cecil Hurst | Storbritannia | 1934–1936 | |
| José Gustavo Guerrero | El Salvador | 1936–1939 | |
| Sir Cecil Hurst | Storbritannia | 1937–1945 |
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Den faste domstolen for mellomfolkeleg rettspleie» frå Wikipedia på bokmål, den 24. mai 2009.