Den indiske monsunstraumen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den indiske monsunstraumen er ein sesongavhengig havstraum i dei tropiske områda nord i Det indiske havet. Om vinteren renn det øvre vasslaget vestover frå Indonesia til Det arabiske havet. Om sommaren snur retninga til straumen og han renn austover, heilt frå Somalia og inn i Bengalbukta. Desse variasjonane er knytt til monsunvinden.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Indian Monsoon Current» frå Wikipedia på engelsk, den 10. september 2011.