Indiahavet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Indiahavet er det tredje største verdshavet. Det grensar til Stillehavet, som er det største, til Atlanterhavet, som er det nest største, og til Sørishavet. Indiahavet grensar mot landområde i Afrika, Asia og Australia.

Utstrekking[endre | endre wikiteksten]

Havet har ei flatevidd på 68 556 millionar km², og dekker om lag ein femtedel av havflata i verda. Det «mista» ein del i år 2000, då det internasjonale hydrogafilaget tok avgjerda om at Sørishavet skulle nå heilt opp til den 60. sørlege lengdegrada.

Klima[endre | endre wikiteksten]

To monsunar oppstår over Indiahavet. Nordaustmonsunen dekker Sri Lanka og sør-India og varer frå desember til april. Sørvestmonsunen frå juni til oktober dekker resten av det indiske subkontinentet.

Syklonar oppstår nord i havet i mai-juni og oktober-november, og i januar-februar i den sørlege delen.

Næring[endre | endre wikiteksten]

Havet er ei viktig handelsrute for skipsfarten mellom verdsdelane. Ein driv fiske i nær sagt alle kystområda. Rundt 40 % av all havolje kjem frå Indiahavet.

På same måte som Middelhavet har Indiahavet bunde saman landområda som ligg rundt det, sjølv om dei ligg langt frå kvarandre. På grunn av dette vil ein mellom anna finna indisk og arabisk preg på språk og musikk i Aust-Afrika og spor etter afrikansk innvandring i India.

Fire viktige vassvegar gjer tilgang til havet: den egyptiske Suezkanalen, Bab el Mandeb utanfor Yemen og Djibouti, Hormuzstredet mellom Iran og Oman, og Malakkasundet mellom Indonesia og Malaysia.

Hamna i Madras, 1895

Viktige hamner:

Namn[endre | endre wikiteksten]

Indiahavet har fått namn etter India, som igjen har fått namnet frå Induselva, som renn ut i havet.