Den lille havfrue

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Den lille Havfrue er ein vidgjeten skulptur i bronse av ei sittande nake kvinne med finnar på beina, plassert oppå ein stor naturstein i strandkanten på Langelinie («Den Lange Linie»), ei hamnestrekning på Østerbro i København. Skulpturen vart sett opp permanent på Langelinie 23. august 1913, og er meint å illustrere eventyret Den lille Havfrue av den danske forfattaren H.C. Andersen.

Skulpturen Den lille Havfrue var ei gåve til København by frå ølbryggjar Carl Jacobsen, og vart utforma av bilethoggaren Edvard Eriksen, som nytta kona si som modell. Arvingane til Edvard Eriksen eig no opphavsrettane til skulpturen, og har ved fleire høve kravd store skadebøter av folk som har offentleggjort fotografi og andre typar attgjevingar av skulpturen utan løyve frå dei på førehand. Arvingane har òg den originale skulpturen, som dei sel kopiar av. Det står kopiar i Solvang i California og Kimballton i Iowa i Sambandsstatane og i Vancouver i Canada. Ifylgje dansk lov fell den eineretten som arvingane har til skulpturen vekk når Edvard Eriksen har vore død i 70 år; det vil seie i 2029.

Ved fleire høve har det vore gjort skade på Den lille Havfrue på Langelinie, både ved måling og anna tilgrising, og til og med ved at delar av skulpturen har vorte skore av og fjerna. Hovudet vart kutta av i 1964, og korkje hovudet eller dei som stod attom illgjerninga er funne. Eit nytt hovud vart seinare utforma på grunnlag av to eksemplar i gips som finst av statuen.

Biletkunstnaren og diktaren Jørgen Nash påstod at han kjende skadevoldaren, men nekta å avsløre kven det var. I 1997 skildra han i boka En havfruemorder krydser sit spor korleis han sjølv hadde kasta hovudet av havfrua i ei myr, Utterslev Mose, utan at han etter dette vart trudd og straffa.

Armen som havfrua støttar seg på, vart kutta av 22. juli 1984. Skadevoldarane melde seg eit par dagar seinare og hadde med seg armen, som kjapt kunne setjast på att. Dei måtte ut med ei stor skadebot for å dekkje kostnadene ved reparasjonen.

Hovudet på havfrua vart kutta av att enno ein gong ei natt i 1988 av folk som om morgonen kontakta ein yrkesfotograf over telefon om skadeverket. Etter fyrst å ha fotografert den hovudlause statuen, som han seinare gjorde gode pengar på ved å selje fotografia til interesserte, varsla han politiet. Fotografen vart arrestert og sikta for å ha stått for skadeverket sjølv, men lauslate etter to veker. Ikkje før i november 1998 vart saka mot han og to andre formelt lagt vekk.

Ved alle reparasjonane av statuen har bronsestøyparane hatt god nytte av dei to eksemplara i gips av havfrua.

Frå 1. mai til 31. oktober 2010 var ho utstilt i den danske paviljongen på verdensutstillingen World EXPO i Kina.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Den lille havfrue