Den nasjonale filmprisen i India

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Den nasjonale filmprisen, engelsk National Film Awards, er ein statleg filmpris gjeven ut i India. Han blei skipa i 1954, og har sidan 1973 blitt administrert av det statlege Directorate of Film Festivals, saman med International Film Festival of India og Indian Panorama.[1][2]

Prisvinnarane blir valde ut av eit panel sett saman av styresmaktene. Prisutdelinga blir halden i den indiske hovudstaden New Delhi, der presidenten av India deler ut prisane. Deretter opner den nasjonale filmfestivalen, der vinnarfilmen blir vist.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Matthew, K.M. (2006), Manorama Yearbook 2006, Malayala Manorama, India, ISBN 81-89004-07-7 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Den nasjonale filmprisen i India