Den polske Heimehæren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Flagget til Heimehæren.

Heimehæren (polsk Armia Krajowa, AK, bokst. 'landshæren') var den største motstandsrørsla i Polen under andre verdskrigen.

Den polske motstanden mot tysk okkupasjon tok til frå Polen blei invadert i 1939 og heldt fram til landet blei frigjort i januar 1945. Armia Krajowa blei grunnlagd i februar 1942 frå Związek Walki Zbrojnej ('Sameininga for væpna kamp') og tok over dei neste to åra opp i seg dei fleste andre polske undergrunnsrørslene.

Heimehæren var den sterkaste og mest effektive motstandsrørsla i det okkuperte Europa under krigen, og gav mykje viktig informasjon til den britiske etterretningstenesta, mellom anna om Hitler sine «vidundervåpen» V-1 og V-2. Den største operasjonen Armia Krajowa deltok i var Warszawa-oppstanden sommaren 1944, leia av av Tadeusz Bór-Komorowski. Denne oppstanden blei slått ned av tyske Wehrmacht og SS, noko som i stor grad utrydda Heimehæren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne militærartikkelen som har med historie og Polen å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.