Dents du Midi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 46°09′39.6″N 6°55′24.3″E
Dents du Midi
fjell
none  Dents du Midi sett frå Pointe Bellevue. frå venstre til høgre: La Cime de l'Est, La Forteresse, La Cathédrale, l'Éperon, Dent Jaune, Les Doigts og det hgøaste punktet: La Haute Cime
Dents du Midi sett frå Pointe Bellevue. frå venstre til høgre: La Cime de l'Est, La Forteresse, La Cathédrale, l'Éperon, Dent Jaune, Les Doigts og det hgøaste punktet: La Haute Cime
Land Flag of Switzerland.svg Sveits
Kanton Valais
Fjellkjede Chablais-Alpane
høgd 3 257 moh
skardhøgd 1 796 m ↓  mot Mont Blanc
koordinatar 46°09′39.6″N 6°55′24.3″E
Førstestiging av Jean-Maurice Clément
 - dato 1784
Switzerland location map.svg
Locator Red.svg

Dents du Midi (fransk: "Tennene i sør") er eit fjell i Chablais-Alpane i kantonen Valais i Sveits. Fjellet består av sju ulike toppar, den høgste er 3 257 m. Det reiser seg veldig over Val-d’Illiez og Rhônedalen, på sørsida ligg det oppdemde vatnet Lac de Salanfe. Geologisk høyrer fjellet til Haut-Giffre-massivet.

Fjelltoppane[endre | endre wikiteksten]

Dents, eller «tennene», er frå aust mot vest:

  • La Cime de l'Est (3178 m)
  • La Forteresse (3164 m)
  • La Cathédrale (3160 m)
  • L'Éperon (3114 m)
  • Dent Jaune (3186 m)
  • Les Doigts (3205 m og 3210 m) eller Doigts de Salanfe
  • La Haute Cime (3257 m)

Steinras[endre | endre wikiteksten]

Morgonen 30. oktober 2006 losna i kring 1 000 000 m³ fjell frå sida av Haute Cime og rausa ned til ei høgde av kring 3000 m. Raset var ikkje til fare for landsbyen Val-d'Illiez, men vegar og stiar vart stengde. Geologar forklarte raset med tining etter frostsprenging, forsterka av dei heite, forutgåande sommarane.

L’Éperon[endre | endre wikiteksten]

Fleire fjellras i massivet har endra forma på fjelltoppane så mykje at namna gjev seg sjølve etter endringane i den lokale geologien. L’Éperon (=Brodden), til dømes, har ikkje to toppar lengre, sidan eit større ras i mellomalderen forandra forma på fjelltoppen.

La Dent Jaune i Dents du Midi

Fyrsteklatringar[endre | endre wikiteksten]

Namn på fjelltopp Dato for fyrstebestiging Klatrar(ar)
Cime de l'Est 16. august 1842 Nicolaz Delez
Forteresse 7. juni 1870 E. Javelle og J. Oberhauser
La Cathédrale 1890 Nicolas Delez
La Dent Jaune 24. august 1879
La Haute Cime 1784 Jean-Maurice Clément

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Dents du Midi