Der Ring des Nibelungen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Der Ring des Nibelungen (Nibelungenringen) er ein syklus av fire episke operaer av Richard Wagner, inspirert av germansk og nordisk mytologi. Både musikken og librettoen er komponert av Wagner over ein periode på 26 år, frå 1848 til 1876.

Første ferdigkomponerte opera i verket, Rhingullet, hadde urpremiere i 1869. Nibelungenringen blei uroppført som samla verk i august 1876 i det nyoppførte festspelhuset i Bayreuth i Tyskland, der den mest berømte framføringa av verket framleis har fleire års ventetid på billettar.

Ring-syklusen består av:

Ringen er eit ambisiøst verk av enorme dimensjonar; operaene varer samla over 15 timar – den siste, Götterdämmerung, kan vare opp til fem timar aleine. Tetralogien følgjer gudar, heltar, fabeldyr og gigantar over tre generasjonar, i kampen deira om Ringen, som gjev beraren makt over heile verda.

Musikken er fyldig og samansett, og aukar i kompleksitet gjennom syklusen. Wagner skreiv for eit orkester som på den tida var av uhøyrd storleik, og han bygde endatil eit eige operahus i Bayreuth spesielt for Ringen. Scena blei bygd med tanke på at orkesteret ikkje skulle overdøyve songarane, som elles ville slite seg ut i dei lange førestillingane. Akustikken i dette teateret er av det beste i verda; andre stader er det ofte vanskelegare å oppnå balanse mellom songarar og orkester. Kvart år vert Bayreuther Festspiele arrangert, der desse og andre av Wagner sine operaer vert framførte.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Verket er ca. 15 timar langt, og handlar om dilemmaet mellom makt og kjærleik. Historia startar med skapinga av verda, og sluttar med undergangen til gudeverda. Verket startar i ei mytisk tid, men endar i notida:

  • I Rhingullet blir det synt fram gudar, halvgudar, kjemper, dvergar og alvar, men ingen menneske.
  • I Valkyrien dukkar nokre menneske opp. Men det er gudane og dei mytiske vesena som har makta.
  • I Siegfried skaper menneska sitt eige sjølvstende og deira eige liv, i motsetning til verda til gudane.
  • I Ragnarok lever menneska i eit moderne samfunn i samspel og konflikt med kvarandre. Verda til menneska er no ei sjølvstendig verd, som gudane ikkje kan påverke. Gudane og verda deira går til slutt under, og menneska må klare seg på eiga hand.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]